I overkant av 50 personar frå Røde Kors, politi og breførarlaget i Jostedalen har leita etter Grytten.

– Eg har halde meg i teltet, tatt det med ro og unngått kulden ved å halde meg i soveposen, seier han til bt.no.

Og med godt fjellutstyr, proviant og smelta snø til drikke leid han inga naud i ventetida der oppe i tåkeheimen.

– Eg var faktisk ikkje redd i heile tatt, eg berre slappa av og prøvde å gjere det eg trudde var rett, seier 23-åringen.

Han melde sjølv frå søndag om at han hadde vanskar med å kome seg ned frå fjelelt på grunn av svært dårleg vêr. Fram til måndag morgon hadde politiet kontakt med han via mobiltelefon. Men då dei miste mobilkontakten, blei det sett i gang leiteaksjon i går.

Leitinga har vore vanskeleg. Det har sludda og sikten har vore dårleg på grunn av låg skodde.