Jenta blei meldt sakna av foreldra i 17-tida i ettermiddag då ho ikkje kom heim frå skulen.

— Ho skulle ha kome heim i 13-tida i dag, seier operasjonsleiar Harald Myklebust i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Politiet kontakta klassekamerater, i tillegg til at ein politibil var ute og leita. Og leitinga gav altså resultat.

— Forhåpentlegvis løyser dette seg raskt. Men me tar det alvorleg, særleg sidan det gjeld eit så lite barn, sa Myklebust til bt.no i 17-tida.