— Mannen var sterkt nedkjølt, og vart straks flogen til Haukeland sjukehus i Bergen. Det var mannskapet på redningshelikopteret som fann han, opplyser lensmannsfullmekt Lars Fykse i Voss lensmannsdistrikt til Bergens Tidende.

På jakt

Fykse trur mannen vil koma vel frå hendinga, men tek atterhald om at han har sparsame opplysningar om tilstanden.

Lensmann Kåre Rykke opplyser at mannen brukte Torfinnsheimen som base for jakt i fjellområdet mot Gråsida. Han reiste til fjells fredag, og vart meldt sakna då han ikkje kom heim til Bergen sundag kveld, slik han hadde avtalt.

Funnen ved Timeglaset

Patruljer frå Voss Røde kors Hjelpekorps vart sett inn i leitinga tidleg i dag, og utpå føremiddagen vart det sett inn helikopter.

Jegeren vart funnen om lag 500 meter nord for Timeglaset, den særmerkte steinen som står sentralt i Voss Utferdslag sin logo, og som nærast må reknast som eit landemerke på Gråsida.

Lensmannsfullmekt Fykse trur at jegeren kan ha prøvt å gå til Voss sentrum, i staden for å returnera til Torfinnshytta, men detaljane vert først klarlagde når politiet får snakka med mannen.

Torfinnsheimen er ei turisthytte med sjølvtening. Ho ligg ved Torfinnsvatnet, ikkje langt frå toppen av rørgata ovanfor Hodnaberg Kraftstasjon ved den gamle hovudvegen (rv 13) mellom Voss og Dale.