ØRJAN HATTEBERG

Den 50 år gamle mannen vart meldt sakna etter at han ikkje kom fram til avtalt tid etter ein fjelltur i Jostedalen i Luster kommune. Han la ut på tur frå Leirdal søndag føremiddag, og skulle etter planen vore framme i Krundalen om ettermiddagen. Helikopter, Raude Kross og friviljuge leitemannskap vart satt inn i leitinga i går.

Leiteaksjonen enda bra då ein av dei friviljuge fann mannen ved 19-tida måndag kveld. Den sakna mannen tok kontakt med leitemannskapa via mobiltelefon.

— Det stod bra til med mannen då han vart funne oppe på fjellet, fortel politiførstebetjent Marita Biesmans ved Florø politikammer.

Området som leitemannskapa måtte gjennomsøka var stort. Det vart difor i første omgong brukt helikopter og kjentfolk for å gjera eit grovsøk.

Ei breredningsgruppe vart òg sett i beredskap. Etter kvart vart større mannskap sette inn i leitinga. Den sakna var godt kjent i området, i god form, men sparsleg kledd.