– Vi leitar i sentrumsområdet med politi, Røde Kors og redningshundar, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Mannen er busett i Florø. Men politiet kjenner ikkje til om han hadde tenkt å overnatte i Førde eller reise dei 55 kilometrane heim om natta.

Den sakna hadd på seg dongeribukse og ei beige dressjakke. Restauranten Pikant, der han vart sist sett utanfor, ligg like ved den flaumstore elva Jølstra i Førde sentrum.

PER MARIFJÆREN (MMS)