HANS MJELVA

ÅDNE LUNDE

— Dei hadde gjort det einaste rette og søkte ly i ei hytte, seier utviklingsdirektør Magne Bjergene på United World College.

Det var folk frå Røde Kors Hjelpekorps som fann elevane, ein gut og fire jenter.

Av dei fem var to britar, ein nordmann, ein svenske og ein frå Uganda. Dei var i 18-19-års alderen.

— Kva gjer de for desse no?

— Vi må sjølvsagt snakke med dei, slik at dei ikkje får noko trauma av dette. Men det var no sommardag og lyst, så den heilt store dramatikken var det vel ikkje, seier Bjergene, som sjølv kjen-ner Lifjellet godt.

Dei fem, fire jenter og ein gut, var på dagstur til det 777 meter høge fjellet i ei gruppe med 50 elevar og to lærarar. Då resten av gruppa valde å avbryta turen fekk ikkje dei fem beskjed. Dei hadde gått fortare enn resten av turlaget.

Vêret var ruskete, med nedbør og skod-de. Ei gruppe på ni frå hjelpekorpset tok seg inn til 3L-støylane, og fann elevane.

Terrenget der dei fem var sakna i er bratt og ulendt.

Dei 50 elevane starta turen frå Lekva, som ligg ved foten av Lifjellet-området på sørvestsida av Åfjorden, klokka 13.

Hovudfølgjet såg dei fem som gjekk i forvegen siste gong ved 14.30-tida, men i og med at det tok litt tid for hovudgruppa å komme seg ned frå fjellet, fekk dei ikkje varsla politiet om at dei fem var sakna før klokka 16.06.

DÅRLEG VÊR: Skodda hang lågt og hindra leiting med helikopter på Lifjellet.<br/>Foto: Jan Helge Lekva