Desse er no blitt mat for Sivilombudsmannen.

Saka seniorrådgivar hos Sivilombudsmannen Christian Piene Gundersen behandlar er spesiell, og kan samanfattast til klage på at det vart gjort vedtak om reguleringsplan utan at konsekvensutgreiing var gjennomført.

— Langeneset kjem ikkje tilbake same kva konklusjon eg kjem fram til, seier Gundersen, som meiner saka er spesiell sånn sett.

Gundersen reknar med å vere ferdig med saka og leggje fram konklusjon i løpet av ein månads tid.

Statens vegvesen er alt i gang med støyisolering av 13 bustadhus på Halhjem og eitt på Sandvikvåg. Denne støydempinga skal hjelpe mot støy frå den aukande biltrafikken frå ferjesambandet.