Oljefyringstanken til Hauglandssenteret sprakk i helga, og nær 9000 liter diesel rann ut i den islagde fjorden. Uhellet blei oppdaga då varmeomnane slutta å virke på rehabiliteringssenteret og United World College.

I går kveld jobba 20 mann med så skjere seg gjennom 30 centimeter tjukk is og leggje ut lenser. Mannskapa brukar motorsag for å kome seg gjennom isen. Dieselen dekkjer eit område på kring 700 kvadratmeter. Isen er grønfarga, og blir kasta i konteinarar.

Skadestadsleiar Eivind Ask trur oppryddinga vil ta ei veke.