– Motorsaga er ein frykteleg stygg reiskap. Er du uoppmerksam så kan den gje deg livstruande skader før du veit ordet av det, seier han. Og han snakkar av erfaring. 58-åringen kappa av seg høgrefoten i samband med rydding av ei hyttetomt på Varaldsøy i Kvinnherad. Det forventes i år et salg på 60.000 motorsager i Norge. I 2002 ble det solgt 35.000 motorsager, skriver Nationen. Bransjen frykter nå flere ulykker siden et større antall førstegangsbrukere er blitt eiere av en motorsag.

Hang etter skinnfiller

– Grunneigaren gjekk framføre meg og felte små juletre med ei såkalla ryddesag. Eg gjekk like bak og lempa bort trea etter kvart. I ein tankelaus augneblink kom eg for nære. Det roterande sagbladet trefte meg bak på leggen og kappa både bein og senar tvert av, like under kneet.

Då stordabuen såg ned på foten sin hang den berre etter nokre skinnfiller.

– Der og då hadde eg ikkje smerter. Dei kom først litt seinare. Men eg blødde noko enormt.

På ein mirakuløs måte redda Larsen både livet og foten.

– Dette var i tida før mobiltelefonen låg i kvar ei lomme. Men ein av naboane hadde hjartetrøbbel og hadde difor fått installert fasttelefon i hytta si. Dermed var luftambulansen raskt på staden og fekk frakta meg til Haukeland. Hadde transporten teke lengre tid ville eg nok ikkje ha sete her i dag, seier han.

I løpet av det månedslange sjukehusopphaldet på Haukeland hadde Larsen så store smerter i beinet at han var sint på legane som ikkje hadde amputert foten hans. Lagerleiaren i Aker Kværner Elektro har likevel ikkje teke skrekken. Rett som det er grip stordabuen til motorsaga.

– Kona insisterte på at eg ikkje fekk ta i saga utan å kjøpa meg tryggleiksutstyr. Då ulukka var ute hadde eg berre dongeribukse på meg. No brukar eg ei armert bukse. Den har fått fleire hakk oppover buksebeina, så den kjem absolutt godt med, understrekar Roald Larsen.

Allemannseige

Ved første halvår i år var det allereie selt 44.000 motorsager i Noreg. Det er berre tusen færre enn i løpet av heile 2005.

– I år vil truleg salet runda 75.000 sager. Det er ein vanvittig auke og ein soleklar rekord, opplyser Pål Virik Nilsen, marknadssjef i Stihl – verdas største motorsagprodusent og leiande i den norske marknaden.

Virik Nilsen fortel at motorsaga er i ferd med å få status som allemannseige.

– Ja, du finn den snart i kvar ein garasje. Motorsaga er ein trend i tida. Dei høge straumprisane gjer at folk vil ut og kappa sin eigen ved. Ulempa er at mange går i gang til skogs utan å ha tryggleiken i høgsetet. Me fryktar fleire ulukker. Kvart år høyrer me diverre om alvorlege ulukker – også med dødeleg utfall – som kunne vore unngått med enkle førehandsreglar. Difor er tryggleik noko me har veldig fokus på, slår Pål Virik Nilsen fast.

Mye slurv

Fagsjef Geir Myklestad ved Skogbrukets Kursinstitutt stadfestar at det årleg førekjem dødsulukker som følgje av uvettig bruk av motorsag.

– Uoffisielle tal syner at me snakkar om mellom èi og fem dødsulukker årleg. Skogbruksnæringa er vorte veldig flinke, og har redusert ulukkesfrekvensen til eit minimum. Men her er det også krav om bruk av verneutstyr og dokumentert opplæring. Slike krav finst ikkje i den private sfæren. Dermed oppstår det også uhell, konkluderer han.