Også eit anna vitne som såg mannen i samtale med den fornærma kvinna har gitt nyttige skildringar av korleis mannen såg ut. Observasjonane kan danna grunnlag for ei teikning av gjerningsmannen.

Valdtektsmannen er vel 180 cm høg, har mørkt hår og normal kroppsbygning. Han kan vera i slutten av 20-åra eller i byrjinga av 30-åra. Ifølgje politioverbetjent Roald Raunholm ved Stord lensmannskontor dreier det seg om ein nordmann.

Tysdag kveld var ingen pågripne mistenkt for valdtekten. Stord lensmannskontor etterlyser vitne som stod i drosjekø i Leirvik sentrum mellom klokka 3.30 og 4.15 natt til sundag. Gjerningsmannen kan ha teke drosje etter at overgrepet skal ha funne stad ved Amfisenteret.

22. april i år blei ein 23 år gammal russar varetektsfengsla i fire veker etter at ei 19-årig Stord-kvinne melde han for valdtekt i utkanten av Leirvik. 23-åringen hevda at den seksuelle kontakten var frivillig.

Stord lensmannskontor har sett store ressursar inn i etterforskninga av valdtekten natt til sundag. Tekniske ekspertise frå Haugaland og Sunnhordland politidistrikt er henta inn.