Inni bilen sat 24 år gamle Katrin Lerum. Ho var sjanselaus då ein kring 60 kilo tung stein kom frå nær 200 meters høgde. Etter 70 år kravde landets mest rasfarlege veg liv.

Monica Åsnes var den første som kom til ulukkestaden i Fatlaberget tysdag morgon.

— Det er heilt forferdeleg å tenkje på at dette skjedde med eit ungt menneske som skulle ha heile livet føre seg, seier ho.

Den omkomne Katrin Lerum var frå Sogndal. Ho var på veg til jobb ved Leikanger ungdomsskule då ulukka skjedde. Nokre få steinar har losna oppe i fjellsida. Den største gjekk rett gjennom frontruta, og trefte 24-åringen.

Såg holet i frontruta

Monica Åsnes, som til dagleg jobbar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, skulle på eit arbeidsoppdrag i Stryn i går morgon. Rundt klokka åtte sette ho seg i bilen på Leikanger.

— Det første eg la merke til var ein bil som kom mot meg i mi vegbane. Eg såg straks det store holet i frontruta, og registrerte også tre litt store steinar som låg lenger bak i vegbana, fortel ho.

Like før dei to bilane møttest, svingar den skadde bilen over i rett køyrebane. Køyretøyet passerer Åsnes og to andre møtande bilar som kom eit stykke bak. Bilen held fram endå eit stykke, medan farten stadig går ned. Til slutt køyrer bilen av vegen og stoppar i fjellveggen.

Monica Åsnes skjønte at det hadde skjedd ei ulukke.

— Eg stoppa, og det same gjorde dei som kom bak. Vi sprang tilbake. Då vi kom fram ringde eg naudnummeret 113. Akkurat då kom ein lege. Han tok kommandoen til redningsmannskapa var på plass, fortel Åsnes.

Gjenoppliving

Doktoren som kom til staden var assisterande fylkeslege i Sogn og Fjordane, Einar Hovlid:

— Eg bad dei ringe lege og luftambulanse, noko eg etterpå erfarte at dei alt stod i ferd med å gjere. Min jobb der og då var å gjere det eg som lege er trena til å gjere i ein slik situasjon, prøve å berge liv.

I tillegg til ambulanse rykte også politi og brannvesen ut. Det blei prøvd gjenoppliving, men kring ein halvtime etter at ulukka hadde skjedd blei det slått fast at føraren var omkomen.

Tett trafikk

Vegen mellom Sogndal og Leikanger er ein av dei tettast trafikkerte i Sogn og Fjordane. Svært mange pendlar til dei store offentlege arbeidsstadene i Leikanger, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen og Statens vegvesen. Men mange reiser også hin vegen, ikkje minst mange ungdommar som kvar einaste dag passerer Fatla til og frå vidaregåande skular og høgskular i Sogndal.

Gårsdagens ulukke skjedde på den tida av døgnet då det er tettast trafikk.

— Bilane kom i eitt begge vegar. Berre den tida eg stod der passerte to skulebussar på veg mot Sogndal. Eg tykte det var heilt forferdeleg at midt oppe i denne tragedien blei to fullasta bussar med ungdommar sleppte forbi, seier Monica Åsnes.

Fleire steinsprang

Frå helikopter kunne Bergens Tidende i går sjå den opprivne fjellsida i Fatlaberget. Berget har store sprekker, og vegvesenet kan ikkje utelukke at det kan gå nye steinsprang eller skred.

Fram gjennom åra har det gått ei rekkje ras i området. Bilar er trefte mange gonger. Så seint som i vinter var det stor dramatikk då ein lastebilsjåfør fekk ein stein inn i førarhytta. Omtrent i same perioden blei ein person Mesta hadde henta inn til å gjere sikringsarbeid, skadd.

Fleire personar Bergens Tidende snakka med i går, meiner det eigentleg er eit under at det ikkje har skjedd dødsulukker tidlegare.

— Folk er frustrerte og utrygge. Det er slik at når det er dårleg vêr, så køyrer vi ikkje Fatla så sant vi kan unngå det. Vi let ungane reise på skule, det må dei. Men vi let dei ikkje dra til Sogndal på trening, seier Monica Åsnes som også er lokalpolitikar for Høgre.

FØRST: Monica Åsnes kom først til ulukkesstaden.
oddleiv apneseth