• På ferja tirsdag klokka 23.45 frå Ranavik på Halsnøy til Skjærsholmane på Stord såg eg to ukjente menn i ein Mercedes, fortel ein av mannskapet om bord på ferja MF «Hordaland» overfor Bergens Tidende.

Vedkommande ønskjer ikkje å stå fram i avisa, men fortel at han la merke til dei to unge mennene fordi han ikkje kjente dei frå før. Dei kjørte ein mørk Mercedes 190 som var stygg i lakken, fortel han.

Vedkommande slo av ein prat med dei, og fortel at dei snakka vestlandsdialekt. Han meiner at mannen i passasjersetet var iført ei lys jakke.