EYSTEIN RØSSUM

eystein.rossum@bt.no

Ruth Hammar hadde vore på hytta, og ante ingenting om at det pågjekk ein leiteaksjon då ho kom nedetter Angedalsvegen like etter klokka 19.00 søndag.

— Plutseleg var det ein mann på fortauet rett framfor meg. Eg er heilt sikker på at det var her ein stad, seier Hammar, og peikar på fortauet få meter frå politisperringa rundt drapsstaden.

På dette tidspunktet låg Anne Slåtten etter alt å dømme død eit par meter inne i skogholtet.

— Det verka ikkje som at han såg meg. Han hadde ei skjorte eller ei t-skjorte i nevane som han var veldig opptatt av å få tørka seg med. Eg måtte stoppe sykkelen for å ikkje køyre på han, seier Hammar.

Mannen hadde mørkt hår, lys hudfarge og var mellom 25 og 35 år. Han hadde ei litt kort, mørk bukse, t-kjorte og ei jakke.

Etter at Hammar hadde passert mannen, stoppa ho opp på nytt og snudde seg. Då såg ho mannen ta rennefart på fortauet og kaste skjorta over vegen og ut i elva.

— Eg tykte det var rart med denne tørkinga; det var ikkje spesielt varmt eller noko. Han verka anspent og litt stressa, seier Hammar.

Måndag kveld bestemte ho seg for å fortelje politiet om det ho hadde sett.

— Eg fortalde dei heilt kort på telefonen kva eg hadde sett. Dei takka for opplysingane. Sidan har eg ikkje høyrt meir frå dei, seier Hammar.