• Det er ikkje til å tru at slikt kan skje, seier broren til skotofferet. Han er næraste granne, og merka ingenting unormalt i går.

Både han og kona var heime då systera skal ha vorte skoten.

— Vi korkje såg eller høyrde noko som helst uvanleg. Ikkje såg vi folk som gjekk forbi, og ikkje hadde vi folk på døra heller. Dørseljarane plar kome hit først, fordi huset ligg slik til, seier broren.

Han har budd i huset heile sitt liv, og den yngre systera bygde på 70-talet hus på same eigedomen, berre nokre meter nedanfor.

— Det er tragisk og heilt uforståeleg. Ho må ha lege der ei god stund før ho fekk hjelp, seier 69-åringen. .

Sjølv fekk han greie på det som hadde hendt av svigerdottera til offeret.

— Eg fekk ikkje snakka med syster mi sjølv. Men ho hadde visst mista mykje blod. Det er utriveleg, seier 69-åringen.