Strandberg var saman med mannskapet på ulukkesflyet i Stavanger kvelden og timen før ulukka, og snakka like etterpå med kapteinkollegaen som berga seg ut naudutgongen i cockpit saman med andrepiloten.

— Eg landa mitt fly 20 minuttar før, og det var utmerkte landingsforhold, seier Sven-Erik Strandberg, som ikkje vil spekulera i ulukkesårsaka.

— Flyet passar for korte rullebanar, og har doble bremsar. Det var lett fuktig på landingsstripa, ingen ting tydde på problem med å bremsa opp når det var så få passasjerar om bord, seier Strandberg.

I 1988 var han sjølv pilot på eit Sikorsky-helikopter som hamna utanfor landingsdekket på ei plattform i Nordsjøen. Ingen forulukka i det tilfellet.

Marit Hommedal