• Eg såg ikkje hagla. Høyrde den kraftige lyden, men skjøna ikkje at det var eg som var skoten.

Kjerstin Hagen Eriksen, som fylte 18 år i januar, hadde ei dramatisk historie å fortelja Hardanger tingrett i går. Natt til laurdag 25. september vart ho treft av eit haglskot utanfor Nye Hjørna Diskotek i gågata i Odda sentrum.

Den 18-årige gjerningsmannen bad pent om orsaking då dei to møttest i rettsalen, for første gong etter hendinga.

— Eg sette pris på orsakinga hans, men det hjelper ikkje meg så mykje i min situasjon, seier Kjerstin Haga Eriksen til Bergens Tidende.

Kjerstin var av dei som måtte ut av diskoteket klokka 01.30, fordi ho ikkje hadde fylt 18 år. Ho vart ståande å snakka gjennom døropninga med ein gut inne i gangen. Så tok ho opp mobiltelefonen for å ringa. Det var då ho høyrde den kraftige lyden. Ho skjøna det måtte vera eit geværskot, og var redd nokon vart skadd. Ho kjende ikkje smerte. Men så fall ho saman, høyrde det surra i øyret, og synet vart uklart, men ho så masse blod.

Først då vart ho klar over at det var ho sjølv som var skoten.

Ho vart brått livredd, prøvde å seia ambulanse, men det vart ikkje noko ord av det.

Heile livet raste forbi i revy.

Det tok uendeleg lang tid før ambulansen kom. På veg opp til Odda sjukehus var ho lite medviten. Men sjukehusopphaldet før helikopteret tok henne til Haukeland, hugsar ho. Då var smertene store.

Etter rundt tre veker på sjukehus og to 18-timars operasjonar har ho framleis 34 stålhagl i kjeven. Kor mange hagl som ligg att i hendene, veit ho ikkje.

Ho har fleire operasjonar framfor seg, Tannkjøt er borte, kjevebeinet er sett saman med skinner og boltar. Eit langt sår under haka er synleg. Plastikkirurgane skal prøva å få høgre tommelen til å fungera best mogeleg, men ho får opplagt varig mein. Haglladninga laga eit hol tvers gjennom det nest ytterste leddet på tommelen. Beinet er borte. Ein hudtransplantasjon er gjennomført.

Retten fekk i går sjå skadane på nært hald.

Kjerstin har spela handball i seks år og volleyball i tre. No kan ho ikkje driva idrett. Ho får vondt i kjeven av å jogga.

Ho har tilbod om psykologhjelp, men har berre hatt to timar. Føler ho trong for meir, vil ho gå. Ho har hatt mareritt, særleg i den første tida, og vedgår at det tidvis kan vera tunge stunder.

— Eg tenker på kor redd eg var for å dø, og på det eg gjennomgjekk på sjukehus. Eg blir lei meg, og det hender at er byrjar å grina. Men det går over.

Kjerstin er VKI-elev ved elektrolina på Stord vidaregåande. Ho er innstilt på å fullføra kurset, men trur ikkje ho kan gjennomføra læretida og få fagbrev som elektrikar. Nevane hennar maktar ikkje skruinga. Difor vil ho prøva å utdanna seg til ingeniør i faget. Problemet kan verta dårlege karakterar. Før hadde ho aldri noko så dårleg som ein trear. No opplever ho fem trearar i same karakteroppgjer.

Av forklaringa i retten gjekk det fram at ho vart treft av det første skotet.

Vakten som fekk ei haglladning etter seg idet han flykta opp trappene inne i huset, vitna også i retten i går. Han kritiserte retten for ikkje å ville oppnemna eigen bistandsadvokat for å ivareta hans erstatningskrav.

Tiltalte nytta høvet til å be også dette offeret om orsaking.

Retten høyrde i går også overlege Jon Geir Høyersten, oppnemnt som psykiatrisk sakkunnig. Han sa at tiltalte ikkje er strafferettsleg utilrekneleg, Han var i sterk affekt, men ikkje psykotisk eller medvitslaus på handlingstidspunktet, men under påverknad av sjølvskulda alkoholrus, om lag 2,15 promille.

Skulle det vera slik at tiltalte gjekk i søvne, noko Høyersten tvilte sterkt på, diskvalifiserer rusen for diagnosen søvngjengeri i strafferettsleg samanheng.

Høyersten omtalte det som eit Vestlandsfenomen at ungdom vert avvist på utestader. Det opplevest umåteleg provoserande og skaper sinne.

Retten var oppteken av om tiltalte, i sin tilstand, kunne planlegga handlingane han gjennomførte. Slike tema vil venteleg stå sentralt i prosedyrane i dag.

Det er venta at Tingretten tek saka opp til doms i dag, og seier domen fredag om ei veke.