PER MARIFJÆREN

Familien på tre hadde dagen før reist opp til Flatbrehytta, drygt ni hundre meter over garden i Supphelledalen i brebygda Fjærland.

Dermed var familien heilt tett på sjølve utgangspunktet for raset som skulle øydelegge mesteparten av jorda på deira eigen og to andre gardar.

Hjelpelaust vitne

For det var berre 30-40 meter unna dei at morenemassene losna, og det oppdemte vatnet bak massane dundra nedover fjellskaret med enorm kraft ved 13-tida i går.

— Eg høyrde buldringa, og såg at morenen hadde rast ut og det oppdemte vanet som fossa nedover fjellet med enorm kraft. Eg måtte berre stå og sjå på korleis dei enorme steinmassane, vatnet og alt slammet berre fossa ut over alle jorda mine. Det var heilt uverkeleg, og er berre så utruleg deprimerande, seier bonden, som trass alt er glad for at det ikkje gjekk enda verre.

For det kunne lett ha gjort akkurat det. Øygards tenåringsnevø dreiv nemleg og arbeidde med ved akkurat der raset trefte garden. Men da raset kom, hadde han eit ærend litt lenger oppe i terrenget. Berre mopeden hans stod igjen ved arbeidsplassen, og vart tatt av dei enorme massan som kom.

Berga seg såvidt

— Han kom seg såvidt unna. Vi skulle jo gå ned frå Flatbrehytta i ettermiddag, og da ville vi ha brukt akkurat den traseen som raste tok. Vi hadde ikkje hatt ein sjans, seier Gunn Øygard. - Einaste lyspunktet var når eg kom ned til huset og opna døra. Det var heldigvis tørt inne.

Familien kunne inspisere skadene på garden nokre timare etter raset.

Enorme steinmassar har lagt seg langt ut over jorde, og tvers over vegen innover i dalen ligg tonnevis av stein i store røyser. Bøane som låg der grøne og frodige for nokre timar sidan, er glaserte av tjukke lag med slam. Forvridde trestokkar og vrakgods ligg overalt. Rundballar har flote nedover dalen på vann og slam.

— Det låg an til ei kjempeavling i år, og eg gledde meg verkeleg. Så skjer dette, seier bonden, som anslår at rundt 140 av dei 186 måla med innmark på garden er øydelagt.

Bestefar fekk rett

Politiet sette i verk ein større redningsaksjon da meldinga om raset kom. Dalen vart sperra av, og helikopter sendt inn for inspeksjon. 24 menneske var inne i dalen da raset kom, fordelt på tre gardar. Også dei andre gardane fekk store skader og er utan vegsamband.

Øygard-familien vart evakuert frå Flatbrehytta med helikopter, og tatt inn til garden seinare på ettermiddagen.

Fjærlendingen Torleif Mundal høyrde og såg raset heimefrå, og heim seg i bilen for å sjekke kva som skjedde.

— Det var omtrent som lyden av eit jetfly på kloss hald. Og da eg kom oppover i dalen, møtte eg den brune flodbølga som kom nedover, eg måtte berre komme meg derfrå, fortel Mundal.

Ifølgje politiet hadde også ein turistbuss vore inne i dalen tidlegare på dagen, men den var ute igjen da raset kom.

No gjenstår eit stort oppryddingsarbeid I Supphelledalen.

— Bestefarn min fortalte om at slikt kunne skje når vannmassane braut ned morenen. Eg har jo aldri opplevd noko slikt, og trudde det var mykje fantasi. Så skjer det likevel, berre mykje verre enn det han fortalte, seier Eirik Øygard.

<b>HEILE GARDEN RASERT:</b> Famlien Øygard tilbake på det som nokre timar tidlegare var ein frodig, velstelt gard. No er over halvparten av innmarka øydelagt, kan pappa Eirik, mamma Gunn og dotra Trude (11) konstatere. Einaste trøsta er at ingen vart skadd.