Ho har nett kasta over tauet og isøksa til meg, og skal kome etter sjølv. Akkurat i det ho har tatt steget over, misser ho balansen. Ho fell sidevegs ned i den 30-50 cm breie sprekken, fortel Fredrik Gisholt Christoffersen, lærar ved friluftsstudiet ved Høgskolen i Telemark.

Han stod berre tre meter unna då det gjekk gale på Blåisen på Finse i går ettermiddag.

Christoffersen hadde med seg fem studentar frå Bø til Finse — blant andre den omkomne jenta. Dei fem gjekk andre året på friluftsstudiet, og skulle øve seg som instruktørar på ei gruppe idrettsstudentar frå Høgskolen i Vestfold. I går stod topptauklatring på Blåisen på programmet.

Foto: Rune Sævig

Var løyst frå tauet

— Det var oss fem frå Bø pluss ei gruppe på ti frå Vestfold. Vi hadde gjort unna ei to timars økt eit par hundre meter inne på Blåisen, i det minst sprekkfylte området. Deretter åt vi lunsj på den sju-åtte meter breie ryggen som vi hadde klatra ut ifrå, fortel Christoffersen.

Etter lunsj gjekk han i forvegen nokre meter nedover for å sikre og gjere i stand ei litt anna rute til neste økt. Den 20 år gamle hjelpeinstruktøren skulle kome etter med tauet.

For å kome dit, måtte dei over ein 30-50 cm brei bresprekk.

— Opp til ryggen gjekk vi innbundne i tau. Men på ryggen der klatringa pågjekk, løyste vi oss ut av tauet, slik vanleg er, seier læraren.

Jenta var difor ikkje i tau då ho skulle gå over bresprekken. Ho hadde på seg brystsele, sitjesele og stegjern, men ikkje hjelm.

— Under klatring brukte vi hjelm. Det er vanleg å gjere det slik, seier Christoffersen.

Sat fast i sprekken

Christoffersen sprang bort til sprekken då han såg at det gjekk gale, og prøvde å få kontakt med jenta. Det greidde han ikkje.

Han firte seg deretter ned til henne i tau. Då han kom ned var ho ikkje vaken.

— Ho sat fastkilt. Vi prøvde å dra henne laus og opp med ein redningstalje. Med to slike taljer fekk vi henne opp. Då var det gått ca. ein halv time, fortel læraren.

Oppe på breen vart det sett i gang hjerte- og lungeredning. Dette dreiv dei med heilt til luftambulansen kom. Då var det gått vel ein time sidan ulykka. Heller ikkje med luftambulansens redningsutstyr lykkast det å berge livet.

Kom frå Jotunheimen

— Det var eit lett og enkelt område å klatre i, med ein brei, god rygg og ein liten sprekk. Men sett i ettertid, når vi veit korleis det gjekk, skulle eg sjølvsagt ønskt at eg ikkje hadde vald akkurat dette området, seier lærar Christoffersen, som i går kveld venta på nattoget ned att frå Finse saman med dei fire studentane. Dei som ville, fekk snakke med ein psykiatrisk sjukepleiar medan dei venta.

Gruppa frå Vestfold reiste heim tidlegare på dagen. Då Bergens Tidende snakka med Vestfold-studentane på toget i går, var dei letta over å kunne forlate Finse etter tragedien dei hadde vore vitne til.

Lærar Fredrik Gisholt Christoffersen hadde ein tung dag.

— Vi er frykteleg lei oss for det som har hendt. No skal vi attende til Bø. Der skal vi samle alle studentane frå friluftsstudiet til ei minnestund, seier Christoffersen.

Dei fem han hadde med seg hadde fjell og bre som fordjupingsfag. Gruppa hadde nettopp vore 14 dagar i Jotunheimen, i tillegg til bre-undervising i Bø tidlegare i haust.

— Dei har alle vore på tur i fjellet før, utan at eg vil seie at den omkomne var spesielt erfaren i fjellet, seier Christoffersen.