— Eg sat i telefonen då eg høyrde det tok til å buldre og brake noko voldsamt. Med det same høyrdest det ut som tore, fortel Harald Bjordal.

Han let opp glaset, og høyrde straks at buldringa kom frå andre sida av fjorden. Omtrent samstundes ser ekteparet ein bil kome køyrande frå Høyangertunnelen.

— Vi såg lysa frå han, og såg han stoppa. Han stod kanskje eit halvt minutt i ro. Så sa kona: Det ser ut til at han rører på seg. Deretter såg vi lysa forsvann nedover. Det såg ut som han gjekk utfor vegen, fortel Harald Bjordal.

Enorme krefter

Frå gardshuset på andre sida av Lånefjorden ser Else Unni og Harald Bjordal rett over fjorden til rasstaden nokre hundre meter nord om den gamle ferjekaien på Kongsnes. Eit 20 meter breitt og 2-3 meter høgt jord- og steinras sperrar riksvegen mellom Høyanger og Balestrand. Skredet har følgt eit elvefar, og elva har funne seg nytt løp oppå raset. Autovernet er flerra av i fleire hundre meter breidde, og ligg delvis ute i sjøen. Som eit vitne om dei enorme kreftene som har vore i sving.

Langs strendene på begge sider går folk og leiter etter 54-åringen politiet meiner blei tatt av skredet. Ein lavinehund søkjer gjennom raset, og ei gravemaskin prøver å leie vatnet vekk. På fjorden ligg ein båt med redningsmannskap. Med spesialkikkert prøver dei å sjå ned i vatnet. Dykkarar skal snart ned.

Meir enn 20 personar frå Røde Kors og politiet, båtar og redningshelikopter tek del i leiteaksjonen. Men forholda er vanskelege. Ikkje minst fordi sjøen er grumsete av jord, sand og leire.

Stod på i fem-seks minutt

Dagen etterpå er Harald Bjordal framleis merkt av hendinga i ni-tida kvelden før. Då blei dei vitne til at raset tok liv.

— Det var forferdeleg å sjå. Vi var heilt hjelpelause. Dette er ein plass der det har gått ein del småras før, men aldri noko slikt som dette, seier Bjordal, som sprang direkte til telefonen og ringde politiet då han skjønte kva som hadde skjedd.

— Det heldt fram med å rase lenge etter at vi såg lysa på bilen forsvinne. I alle fall høyrde vi lyden. Eg trur det må ha gått fem-seks minutt før det roa seg. Mykje av massane som kom ned må ha gått på fjorden, meiner Harald Bjordal.

— Kom det fleire bilar?

— Det kom ein bil til frå Høyangertunnelen. Så såg vi at det kom fleire frå Balestrand-sida. Vi såg at dei stoppa. Dei har sjølvsagt sett raset, seier Bjordal, som er sikker på at det ikkje var meir enn ein bil som blei tatt.

— Vi såg i alle fall ikkje fleire.

— Du var aldri i tvil om kva som skjedde?

— Nei, dessverre. Bilen kom medan raset gjekk. Det var nok det som skjedde.

BILLYSA FORSVANN: Frå kjøkkenglaset såg Else Unni og Harald Bjordal billysa forsvinne. - Det såg ut som bilen for utfor vegen. Eg gjekk rett av stad og ringde politiet, fortel Harald Bjordal. Han var aldri i tvil om at raset i Lånefjorden hadde feia ein bil på fjorden.<p/>
LEITAR: Meir enn 20 personar frå Røde Kors og politi, båtar og helikopter deltok i går i søket etter den sakna 54-åringen og bilen hans.