Det var hausten 2001 at Selje kommune innvilga byggesøknaden om å setje opp einebustad på garden Grytting. No har politiet ilagt kommunen 100.000 kroner i bot for dei omfattande bygge— og gravearbeida i området med ti verna vikinggraver.

I tillegg må kommunen erstatte Sogn og Fjordane fylkeskommunes utgifter på drygt 92.000 kroner med å grave ut dei to gravhaugane som vart direkte skada av byggearbeidet.

Og vernetabben kan koste kommunen enda dyrare: Husbyggaren meiner nemleg at saka har påført han store ekstrakostnader, og har varsla nok eit erstatningskrav mot kommunen.

Åpenberrt og alvorleg

Ifølgje politiet har kommunen synda på fleire punkt i denne saka. Dei har ikkje varsla kulturetaten om byggesøknaden i det verna området, trass i at politiet meiner at kommunen måtte vere kjent med at det akutelle området er underlagt såkalla automatisk vern.

— Vi meiner kommunen har gjort ein heilt åpenberr og alvorleg feil i denne saka, seier politiadvokat Knut Broberg ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

— Vi har ingen grunn til å tru at kommunen har gjort dette medvite, men det er likefullt ei svært alvorleg sak.

Tidleg på hausten 2001 tok husbyggaren kontakt med kommunen og fekk teikna planløysing for hus og tilkomstveg på tomta, som er skilt ut på ein familieeigd tomt. I løpet av hausten fekk han alle dei nødvendige kommunale løyva, og gravearbeidet kunne starte før jul.

Men saka vart politimeldt då fylkeskulturavdelinga vart kjent med den, og 19 april 2002 var det bråstopp i arbeidet.

Vil ikkje vedta

Arkeologane kunne konstatere at to graver frå yngre jernalder var øydelagte og måtte utgravast. I juli fekk husbyggaren løyve til å halde fram med byggearbeidet, og huset står no ferdig oppført på tomta.

Ifølgje arkeolog Asle Bruen Olsen ved Bergen Museum er slike graver ein ekstra utsett kategori kulturminne. Berre sidan 1930-talet er mellom femti og seksti prosent øydelagt, og det skal idag svært vektige grunnar til å dispensere frå vernet.

— I Selje er dette eitt av tre gravfelt av ein viss storleik. Slike gravfelt er sjeldne, og indikerer at her har vore ein kollektiv busetnad, seier Bruen Olsen, som sjølv deltok i utgravinga av gravhaugane på Grytting i fjor.

Ein klebersteinsbolle frå vikingtida var blant funna som vart gjort i gravene som måtte åpnast. Selje kommune har no sendt forelegget over til sine juristar, men rådmann Reidar Sandviknes seier dei truleg ikkje kjm til å vedta bota.

— Her har skjedd ein glipp hjå oss. Men vi meiner framstillinga slett ikkje har vore til vår fordel, og at nye opplysningar vil kunne endre på inntrykket, seier Sandviknes.

Han vil ikkje gå i detalj på dette no, men viser blant anna til at den aktuelle tomta var utskilt frå hovudbruket så tidleg som i 1975.

Husbyggaren har gjennom lokalavisa allereie varsla sitt erstatningsøksmål mot kommunen.