Sidan september har rein eplesaft rent gjennom dei automatiserte tappekranene på det nye, utvida presseriet og tapperiet ved Balestrand Fruktlager. I dag stenger dagleg leiar Åge Eitungjerde kranene for sesongen.

Inn hos dei store

— Vi har akkurat no tredobla produksjonen samanlikna med i fjor. Grunnen er utvida og modernisert produksjonsanlegg, samt at vi fekk langt betre tilgang til marknaden gjennom ein distribusjonsavtale med Lerum, seier Eitungjerde. Safteriet starta produksjonen av Gulleple på flaske i 1998, ifølgje Eitungjerde eit unikt produkt i Norge.

— Dette er flytande eple, utan filtrering eller tilsetjingar av noko slag, forsikrar han. – Vi er dei einaste i landet som lagar eplesaft på denne måten. Andre har produkt som kan likne vårt, men dei tilset andre stoff for å klarne safta.

Eplejuicen du finn i butikkane er eit heilt anna produkt, framstilt av frose konsentrat frå utlandet.

— Dette er rett og slett som å drikke eple, skryt Eitungjerde.

I fjor produserte safteriet rundt 70.000 flasker Gulleple, i år er volumet meir enn tredobla. Ikkje minst fordi produktet har fått innpass hjå dei store aktørane i matvarebransjen.

Underskot

På si leverer Balholm Safteri Gulleple laga på økologiske råvarer, som blir selt utanom dei tradisjonelle butikkane.

— Jordbruksskulen på Stend har svært god omsetning på den økologiske elpesafta, og det går også an å abonnere på økologisk eplesaft gjennom ein forhandlar på Voss.

Økonomisk har safteriet hangla og gått dei tre driftsåra, men no peikar pila i alle fall rett veg. Medan underskotet var 500.000 førre sesong, er det rundt 200.000 i år. Men Eitungjerde er sikker på at det vil bli overskot dei kommande åra. At Gulleple skal bli eit lite gullegg.

— Hadde vi fått med oss meir av oktober i år, ville vi klart å gå i balanse. Neste år får vi overskot på drifta her, seier han.

Bedrifta er eigd av Lerum, Balestrand Fruktlager, Såkorn Invest saman med fleire privatpersonar.

Tre er fast tilsette, to arbeider på særskilde vilkår og i sesongen har bemanninga vore oppe i sju for å halde unna.

— Vi er ein variert gjeng, både geografisk og politisk, smiler Eitungjerde. - Vi har folk frå Tyskland, Tyrkia, Danmark og Finland arbeidande her. Og alt frå Bjarne Lerum i Framstegspartiet til meg sjølv i Raud Valallianse.

I dag stenger han kranene for sesongen.

I STRIE STRAUMAR: Balholm Safteri har tredobla produksjonen etter at selskapet fekk distribusjonsavtale med Lerum-konsernet. No håpar dagleg leiar Åge Eitungjerde å snu negative tal til overskot.<p/>FOTO: PER MARIFJÆREN