DET ER LENGE SIDAN tilstanden var paradisisk i Irak. Mange slangar gjorde seg gjeldande i Paradis før Saddam Hussein kom til makta, men det er han som har øydelagt Edens Hage. For alltid.

Tenk deg at paradiset er like stort som Sogn og Fjordane. Men paddeflatt. Eit gedigent våtmarksområde med palmer og sivskogar så langt auga rekk, flytande landsbyar og vassbøflar som kryp på land for å bli mjølka. Smekre kanoar som blir staka fram på kanalane. Menn som byggjer hus av siv, store som katedralar. Kvinner som skjer siv og fraktar lastene fram til byggjeplassen i smale, lange båtar. Andre vev sivmatter og steikjer brød og fisk over open varme. Ungar boltrar seg i båtane og klatrar i palmene, mellom tomatmarker og risåkrar.

Slik var livet i Edens Hage fram til for tjue år sidan. No er paradiset definitivt nedlagt. Avvikla og uttørka. Av Saddam Hussein. Som dermed også kvitta seg med ein heil kultur og den 5000 år gamle levemåten til sump-arabarane.

Eit kunnskapens tre står framleis ved breidda der Eufrat og Tigris møtest i byen Basra Al Qurna, landsbyen som seiest å ha opphavet sitt i den bibelske Edens Hage. Men treet er i ferd med å døy. For liksom å understreka kor ille det står til.

MYKJE VATN har runne gjennom Mesopotamia sidan Adam og Eva gjorde kur til kvarandre her i Sør-Irak. Men dei siste tiåra har det minka dramatisk på vatnet. Først kom alle dei store demningane, for å temja elvane med dei store flaumane. Planlegginga av desse starta alt på 1950-talet. Så sette Saddam Hussein i gang gigantiske dreneringsprogram. Blant anna for å bli kvitt politiske opprørarar i Sør-Irak etter Golfkrigen. Landsbyar er utsletta og uttørka, fleire hundre tusen innbyggjarar er utrydda eller drivne på flukt. Til og med store innsjøar er tørka inn.

Deler av sumpområda var slagmark både under krigen mellom Irak og Iran på 80-talet og under Golfkrigen frå 1991.

MESOPOTAMIA. Landet mellom elvane. Mellom Eufrat og Tigris. Dei tilårskomne av oss hugsar namna frå bibelsoga i barneskulen.

Mesopotamia. Høyr kor flott dette namnet lyder! Det var dette flate elvelandet i hjartet av Irak som fødde vår vestlege sivilisasjon for 5000 år sidan. Her på slettene mellom fjell og ørken blei plogen oppfunnen av dei aller første jordbrukarane. Her blei dei første byane organiserte, med lover og reglar. Det var her skrifta blei til, dei som budde her var dei første som førte rekneskap, dei delte tida inn i sekund og minutt. Og dei fann opp hjulet. Mange hundreår før egyptarane, grekarane og kinesarane kom på banen med liknande aktivitetar.

Med sin spesielle levemåte var sump-arabarane i sør eit bindeledd mellom Irak av i dag og forfedrane, sumerane, dei kreative, som levde i Mesopotamia 3000 år før Kristus. No er banda brotne. Førti tusen sump-arabarar flykta til Iran etter Golfkrigen. Somme drog til andre land. Nokre bur i dag i Bergen. Dei fleste har søkt tilflukt ulike stader i Irak. Som politiske miljøflyktningar i sitt eige land.

ELVELANDET i Mesopotamiavar eit av verdas viktigaste våtmarksområde med eit stort biologisk mangfald. Det er ikkje berre landskapet, folket og kulturen som er skadelidande på grunn av Saddam si tukling med naturen. Fisket i Persiabukta har gått dramatisk tilbake. Førti sjøfuglartar er i fare for å bli utrydda. Klimaet endrar seg, det blir varmare, lufta er full av støv, folk blir sjuke. Ein større del av landet blir ørken.

Dei mest dramatiske inngrepa i Sør-Irak fann stad i første halvdel av 1990-åra utan at verdssamfunnet oppdaga kva som skjedde. Seinare har FN gjort sine observasjonar blant anna ved hjelp av satelittbilder. Bilda avslører at 90 prosent av våtmarkene er borte og at nabolanda Iran, Syria og Tyrkia har teke del i dresseringa av det største elvesystemet i Sørvest-Asia.

FN SITT MILJØPROGRAM (UNEP) har bede Irak og nabolanda gå saman om å redda stumpane i sumpane. Men utsiktene er ikkje gode. Meir enn 20 nye dammar er under planlegging eller bygging. Få elvar i verda har så mange demningar som Eufrat og Tigris.

UNEP meiner Saddam Hussein har gjort seg skuld i ei av verdas største og mest tankelause miljøøydeleggingar. Dei snakkar om ein økologisk katastrofe som kan samanliknast med uttørkinga av Aralsjøen og hogsten av regnskog i Amazonas.

Somme slangar gjer meir ugagn enn andre i Paradis.

MÅTTE FLYKTA: Fleire hundre tusen sump-arabarar er blitt heimlause. Mange gjorde opprør mot Saddam Hussein under Golfkrigen og blei drepne, resten blei flyktningar i Iran og Irak. Nokre søkte asyl i Bergen.<br/> FOTO: ROLF M. AAGAARD, AFTENPOSTEN