Luftkjøleanlegget i Narvesen-kiosken i Vangsgata på Voss rauk i helga. Då smelta sjokolade for 40.000 kroner.

Til avisa Hordaland fortel den fortvila butikkeigaren Berit Slettemark at førebels er sjokolade for 40.000 kroner øydelagt av varmen.

– Korleis går det med sjokoladen?

— Den ligg som ei klessa i borti smågodtet, svarer Berit Slettemark kjapt, medan ho ekspederer kundar.

Nesten 40 grader

Luftkjøleanlegget er ikkje reparert enno, men ho har fått vifter på plass i kiosken.

— Du veit det var nesten 40 grader her då eg kom inn første gongen, fortel ho til bt.no.

Ifølgje avisa Hordaland, sat mannen vakt på bakrommet med døra open om natta for å få gjennomtrekk i lokalet. Til bt.no seier ho at ho ikkje vil ha på seg at ho har sett mannen i trekken natta lang.

Gjennomtrekk

— Det rette er at han sørga for gjennomtrekk i opningstida i helga. På den måten fekk vi temperaturen ned mot 30 grader, fortel Slettemark.

Sjokoladevarmt der du er? Sjekk temperaturen på vår verteneste.

Arne Hofseth
Arne Hofseth