Hilde Birkeland er klar over at ho er priviligert, at dei fleste andre ikkje kan prioritera som henne. Ho, som sjølv var yngst av fem heime i Austevoll, ønskte seg ein stor barneflokk, og familien har økonomi til at ho kan vera heime.

Å vera i tidsklemma har ho prøvd, som seniorkonsulent i eit datafirma, den gongen ho var mor til to.

— No kan eg mykje meir vera til stades i borna sine liv, og eg har overskot til å setja dei nødvendige grensene. Eg trivest med å vera ilag med ungane, synest eg har eit mykje betre liv no enn eg hadde då eg var i jobb.

Positive reaksjonar

— Men det var eit stort steg å ta å seia opp jobben. Eg opplevde tap av status, det var rart å skulle presentera seg som heimeverande, men morsrolla gjev meg meir, og eg har berre fått positive reaksjonar på det valet eg har gjort, seier Hilde Birkeland til BT.

Ho er mor til Vincent (9 1/2), Margot (7 1/2), Albert (snart 4) og Edvard (3 veker) og gift med Didier Kortebein som kjem frå Belgia. Han jobbar som fiskeeksportør.

— Som mor er det viktig for meg at borna vert trygge og får eit godt sjølvbilete, seier ho.

Tradisjonell deling

Arbeidsdelinga i heimen på Årstad er rimeleg tradisjonell, mor har ansvar for mat og kle, far tek seg av det tekniske.

— Eg er omsorgspersonen av oss to, han er regelsetjaren, men vi samarbeider godt, deler på oppgåvene og brukar ikkje energi på å krangla om kven som skal gjera kva. Reingjeringshjelp har vi hatt lenge. Eg vil mykje heller bruka tid ilag med borna enn på å vaska huset, seier ho.

Borna er med på mange fritidsaktivitetar, det handlar mykje om å henta og bringa og om å kunna vera aktive foreldre i skulemiljøet. Hilde har høve til å vera med på skuleutflukter og ulike fritidstiltak.

- Treng dannelse

— Samfunnet har bruk for foreldre som kan engasjera seg i ungane sitt liv på denne måten. Dei finst altfor mange born som ikkje kan oppføra seg i dag. Som mor er det viktig for meg å bruka mitt overskot slik at eg kan vera trygg på at mine born veit korleis dei skal te seg ute blant folk. Eg trur det er dei borna som blir utstyrte med ein viss dannelse som vil greia seg best i framtida.

— Du er ikkje redd for å bli stempla som gammaldags når du er så oppteken av dette?

— Nei, slik må eg tenkja for å kunna vera ei god mor.

Det er dessutan lettare å vera god mor når ein har ein mann og far til borna som også deltek aktivt i familielivet. Det har eg, så også på den måten er eg priviligert, seier ho.

Importfirma

Hilde Birkeland og ei venninne har starta eit firma for import av tyrkiske barnekle. For tida er det venninna som gjer mesteparten av jobben.

— Det kjekt å ha eit lite bein i arbeidslivet. Ei stund hadde eg eit styreverv å ta meg av. Når ungane blir større, vil eg sikkert arbeida i eige firma slik at eg kan styra tida mi sjølv. Ein vanleg siviløkonomjobb som krev meg 120 prosent, vil eg aldri bli å finna i. Det blir i tilfelle lenge til, seier ho.

HAR OVERSKOT: Hilde Birkeland er for tida firebarnsmor på heiltid. Det er viktig for henne å kunna bruka mykje tid saman med borna Margot (7 1/2), Vincent (9 1/2), Albert (snart 4) og vesle Edvard på tre veker.
Foto: Oddleiv Apneseth