— Dette handlar om anerkjennelse. Det er forsmedeleg å stå på botnen av lønsstigen når eg leverer nett det universitetet etterspør, seier Kirsti Malterud (biletet).

Etter tjue år som professor ved Universitetet i Bergen står ho framleis på botnen av lønsstigen, skriv universitetsavisa På Høyden.

— Hovudinntekta mi kjem frå mitt arbeid som fastlege, så dette handlar ikkje om pengar, men om manglande verdsetjing av min forskarinnsats, seier Malterud.

Dropen som fekk det til å renne over, var då fakultetet ikkje ein gong ville vurdere lønsauke etter sju år, då instituttet fremja forslag om det.

— For meg er dette nok. Dersom universitetet ikkje treng meg, så treng ikkje eg dei, seier Malterud.

Fakultetet sitt ansvar

Ho vil no halde fram forskararbeidet på eiga hand. Ho har fleire søknader på inne på ulike prosjekt.

Rektor på universitetet, Sigmund Grønmo, seier seg lei for at Malterud har valt å seie opp stillinga si.

— Ho er ei styrke for forskinga, seier rektoren.

Malterud sjølv peikar på at hennar tilfelle ikkje er eit unntak, men regelen. Ho viser til at mest alle professor II-stillingane på fakultetet hennar er lågt løna. Grønmo er samd i at lønspolitikken slik det her kjem fram, ikkje er ein måte å motivere forskarar til å bli verande. I samband med Malterud si oppseiing, vil rektoren no nytte høvet til å sjå nærare på praksisen kring lønsjusteringar for professorane på universitetet.

Bekymra for rekruttering

Ifølgje ei undersøking Legeforeningen gjennomførte for to år sidan, kjenner ein stor del av forskarane innan medisin seg underbetalte. I fleire tilfelle kan ein tene det dobbelte ved å jobbe i klinisk verksemd i staden for vitskapleg arbeid.

— Løn er ein motivasjonsfaktor sjølv om forskarar er nyfikne og ønskjer å skape ny viten. Men når det vert ekstreme skilnader i løn, vert me bekymra for rekrutteringa til legeforskarane, seier Amund Gulsvik, professor og hovudtillitsvald for legar i vitskaplege stillingar ved UiB.

Rektor Grønmo på vedgår at lønnsnivået i vitskaplege stillingar er eit problem.

— Me har eit lønsnivå som gjer det vanskeleg å rekruttere dei beste. Det gjeld ikkje berre på medisin, seier Grønmo.

Han meiner dette ikkje er eit problem Universitetet i Bergen sjølv kan gjere noko med, og jobbar inn mot departementet for å finne ei løysing.

Kjenner seg utnytta

Ifølgje kollegaene på samfunnsmedisinsk institutt tapar universitetet no ein banebrytande forskar, ein forskar med eit nettverk og anerkjenning langt utanfor sitt fagområde og landegrensene.

— Malterud er ein einar og ei føregangskvinne blant oss. Det er synd at universitetet ikkje har verdsett det. Eg håpar det at ho no går får ringverknader, seier førsteamanuensis Tone Smith-Sivertsen.

Førsteamanuensis Edvin Schei er oppgitt over universitetet sin personalpolitikk.

— Universitetet har ein personalpolitikk som verkar tilfeldig og som på lang sikt verkar å sage på greina der kompetansen sit. Me kan vere individualistar ein periode, men etter kvart kjenner me oss utnytta og lite sett, seier Schei.

SA OPP: Kirsti Malterud.