— Eg kunne ikkje lenger stå inne for det som pågjekk, seier Kleiven, som sa opp i kjølvatnet av møtet. Det same gjorde to andre tilsette. Kleiven vil ikkje utdjupe kva konfliktene med Helgesen handla om.

— Eg har ikkje fått konferert med advokaten min. Difor vil eg ikkje svare no. Men det handla om drifta, seier Kleiven. Av same grunn vil ho ikkje svare på spørsmål om den faglege kritikken selskapet har fått frå fylkeskommunen.

Kleiven understrekar at det ikkje har vore konflikter mellom dei tilsette, og meiner alt fungerte fint fram til styret vart kasta.

Kuba AS hadde i fjor ni heiltidsstillingar og 16 som arbeidde deltid. Representant for dei tilsette Laila Sæterbø stiller seg bak Kleiven.

— Problemet har vore Kjell Didrik Helgesen og rolla hans i selskapet. Vi har blant anna stilt spørsmål ved kva pengane i selskapet har gått til, seier Sæterbø, som har hatt full tillit til Anne Kleiven og det gamle styret.