Torsdag kveld, to timar før fristen gjekk ut, bad Alexela Sløvåg tynt om å få forlenga fristen for å få avtale om fjerning av dei forureina massane frå Sløvåg.

Statens forureiningstilsyn (SFT) sa nei.

— No grip vi inn. Alexela har ikkje oppfylt kravet, og vi har ikkje tillit til at dei vil gjere det, seier avdelingsdirektør Signe Nåmdal i tilsynet.

Alexela betaler

Dermed hamnar oppryddingsarbeidet i Sløvåg under statleg administrasjon.

Men Alexela Sløvåg kunne allereie tidleg denne veka fått ordna ei avtale om å få bort dei rundt 800 tonna med forureina grus. Tysdag takka Alexela nei til ei avtale med NOAH på Langøya.

— Til oss har dei formidla at dei vil forhandle med ein annan aktør. Eg trur Alexela syns vi er dyre, seier Carl Hartmann. Han er administrerande direktør i NOAH.

No blir det kanskje endå dyrare for Alexela Sløvåg. SFT tar over ansvaret for å få fjerne all grusen, og det er NOAH som får ordren om å kvitte seg med grusen. Alexela må betale for oppryddinga, utan å kunne kontrollere utgiftene.

Kravet til Alexela om å få i stand ei avtale kom for over tre veker sidan. Det kom etter at SFT hevda at Alexela laug om ei løysing på den forureina grusen.

Langøya eller Tyskland

Grusen står pakka i industrielle storsekker på kaia i Sløvåg. Resten av avfallet har blitt sendt til blant anna Langøya, Danmark og Osterøy.

Nåmdal meiner Alexela har fått nok tid til å ordne opp i den forureina grusmassen.

Dei resterande massane skal anten bli tatt imot ved avfallsanlegget til NOAH på Langøya, eller bli sendt til Tyskland.

— Vi jobbar med begge løysingane, seier NOAH-direktøren.

Han trur det vil gå raskast å sende avfallet til Tyskland, men vil ikkje love eit tidspunkt.

— Folk i Gulen har blitt skuffa alt for mange gongar. Truverdet vårt går ut på å ikkje love meir enn vi kan halde, seier Hartmann.

Blant krava frå NOAH er at grusen skal til ei uavhengig analyse. Det skjer etter at prøver av Sløvåg-avfall tidlegare sendt til Langøya, ikkje stemte overeins med det verkelege innhaldet.

Prøver før fjerning

Sidan det tar minst tre veker å få ferdig analyseresultata, blir heller ikkje avfallet frå Gulen fjerna før den tid.

— Med den mediehistoria og dei overraskingane som har vore i denne saka, vil vi ha analyser uansett, seier Hartmann.

NOAH og Alexela møtte kvarandre for litt over to veker sidan, men ingenting har etter den tid blitt sendt til prøvetaking.

— Vi har allereie gjort analyser for mange hundre tusen kroner. Når det ikkje har vore klart at det er vi som gjer arbeidet, har vi heller ikkje ville sette i gang fleire analyser, seier Hartmann.

MOT FJERNING: I dei kvite sekkene rundt tanken til venstre står det framleis igjen 800 tonn med forureina grus. I bakgrunnen står framleis spora av T3 og T4, dei to tankane som eksploderte i fjor ved tidlegare Vest Tank, no Alexela Sløvåg. ARKIVFOTO: HELGE SKODVIN
Skodvin, Helge