— Det hadde vore skikkeleg flaut om det berre hadde kome tretti.

Ungdomsskuleelev Synnøve Kvamme, som tok initiativet til markeringa, vedgår overfor Bergens Tidende at ho på førehand var veldig spent på frammøtet.

— Det er sanneleg ikkje ofte vi gravensarar går i demonstrasjonstog. Dette var flottare enn 17. mai. Fint og mildt vêr attpåtil, kommenterer ordførar Olav Seim.

  • Det er klart at Bergen og storsamfunnet elles skal få føra krafta fram. Men ikkje gjennom naturen vår. Dei må ta kostnaden med sjøkabel. Staumen skal sikkert seljast i storbyar og utlandet med god forteneste, så den ekstra kostnaden tener dei fort nok inn att, seier den unge aksjonisten.

Saman med Aslak Såkvitne i Granvin ungdomsråd appellerte ho til styresmaktene framfor ei stor forsamling fakkelbererar nedunder balkongen i Mælandshagen. Det same gjorde ungdomsrådsleiar Åshild Lekve Eide som hadde kome over frå nabokommunen Ulvik. Ulemper for dyreliv, folkeliv og natur vart halde fram.

Leiaren i folkeaksjonen mot kraftlina, varaordførar Jan Ivar Rødland, heldt også appell. Han påpeika det paradoksale i at storsamfunnet vil strekka ei hæsleg kraftleding tvers gjennom bygdene, samstundes som dei vernar det meste av Granvin.

— Storsamfunnet har bestemt at vi ikkje får bygga eit aldri så lite kraftverk, for elva er verna. Vi får ikkje hogga ved, for vedskogen er også verna, seier Rødland.

— Vi seier ikkje nei til luftlina på uhøvisk vis. Vi seier nei takk. Men vi meiner det like bestemt for det, presiserer han.

Demonstrasjonstoget gjekk etterpå opp til riksvegkrysset. Der fortel eit blått skilt på sykkelvegen retninga mot Bergen, slik hardingane også vil ha kraftlina, rett mot den blåe fjorden. Med taktfaste slagord frå dei yngste fremst, bukta fakkelrekkjene seg ned mot sentrum, medan rutebussen måtte ty til sykkelvegen for ikkje å missa korrespondansen med tog på Voss og ferje i Bruravik.

Arne Hofseth