Ofte gjer det vondt å sleppe taket i det gamle. Det trygge. Det ein har kjært. Sjølv eit rom på ein gamleheim kan vere kjært, om det er det einaste du har. Du veit ikkje om noko anna. Ikkje alle som kryssa fjorden frå Sandnes til Hosteland hadde klart for seg kva som skjedde i går. Eit lite steg for bebuarane, eit langt steg for Masfjorden kommune. Men véret var fint, og det er alltid kjekt å koma ut på tur.

Den vonde striden

På den vakre desemberdagen i maks vestlandsvér vart det skrive historie i går, i denne kløyvde fjordkommunen. Det siste kapitlet i ei lang og vond historie. Medan hovudpersonane knapt har visst om det, har politikarane krangla og kiva i mange år. — Kvar skal sjukeheimen liggje, sør eller nord om fjorden? Saka har dominert to lokalval, bygdelag har stått mot bygdelag i striden. Sterke kjensler har vore piska opp, så vel på Sandnes som i Nordbygda. Ved valet i 1999 vart saka avgjort. Nordsida sigra, dei vedtok flytting like etter.

Den nye tid

I kortform er historia denne: Masfjorden alders- og sjukeheim har i alle år lege fast på sørsida. Om lag det einaste som har lege fast der dei siste åra. Banken, Gjensidige, ungdomsskulen - med andre ord, all voksteren - har flytta med ferja mot Hosteland som er det nye senteret. Berre dei gamle vart att, saman med kommunehuset. Om kort tid vert den nye kabelferja sett i drift. Då vert det lettare å krysse fjorden; vassvegen som batt bygdene saman før, men som kløyver dei i våre dagar. Likevel er det mange som fryktar for framtida til bygdelaga sør for fjorden; når sjølv dei eldste og dei svakaste av folket har flytta med pikk og pakk. Med eller mot sin vilje. Det er det ingen som veit.

Den store dagen

I lang tid har dei planlagt denne store dagen, dei som sit med ansvaret. Ein skal tenkje lenge og grundig når eit heilt lite samfunn skal flyttast, sjølv berre over fjorden. Alt før helga fór dei første møblane, dei første sengene, kleda og bileta. I går var det tid for menneska, ein for ein. Tilsaman 31 stolte masfjordbuarar som skulle skifte tilvere. Det heile gjekk bra. På nokre timar midt på dagen gjekk eit fylgje over fjorden i ambulansar, drosjar og rullatorar. Til slutt vart ljoset sløkt på sørsida, medan flagget krusa seg i vinden over folk og heim i Nordbygda. Eit truleg lukkeleg kapittel tok slutt. Den nye tida kan begynne.

Den tapte utsikta

Ikkje alle var klår over at det er her dei skal bu, like fram til dei går ut av tida.. Mange sa til oss at det var ein fin plass, store rom, fine bad og mykje ljos. Men no ville dei heim att. Henrik Kvamme (92) likte plassen godt, men klaga over utsikta. - På Sandnes såg vi fjorden, her ser vi berre inn i eit anna hus. Og det er rett, for rekka med omsorgsbustader er bygd så høg at ho sperrar for utsynet. Dei som har fått rom på baksida, ser berre ein parkeringsplass. Medan Jenny Einestrand undra seg på kva husleiga vert. - For det vert vel dyrt dette, med så mykje nytt? Jau, dyrt vart det. Budsjettet for den nye sjukeheimen er på 49 millionar. Og det skal halde, fekk vi opplyst. Nesten, då.

SISTEMANN: Ei stille stund i gamle og kjende omgivnader før Guttorm Kvamme sler fylgje med dei andre til sjukeheimen i Hosteland
Roar Christiansen