Rundt 130 ungdommar søkte i går kveld saman med familiane til dei to omkomne i skytetragedien sundag. Forsamlingslokalet i Kvadraten kjøpsenter var for lite til alle som kom for å visa medkjensle.

Ungdommar gret openlyst både innanfor og utanfor lokalet. Deretter var det samling i Husnes kyrkje, der endå fleire stilte opp og deltok med diktlesing, lystenning og musikk.

Kvinnherad kommune stilte også i går med sitt hjelpeapparat; helsepersonell, utekontakt, prest og politi. I dag er det nye minnesamlingar på Husnes.

— Det viste seg at det var behov for slike samlingar. For både familiar og ungdommane var det positivt å få løyst ut kjenslene sine, seier kapellan Marit S. Skogesal til Bergens Tidende.

Saka nær klarlagt

Ifølgje dei tre tekniske etterforskarane frå Kripos som forlet Sunde måndag middag, har undersøkingane på åstaden styrkt politiets første teori om kva som skjedde. Den 23 år gamle mannen har etter alt å døma først skote den 19 år gamle sambuaren sin, og deretter seg sjølv.

— Men vi veit ikkje kvifor det skjedde. Ingen andre personar var i nærleiken då det skjedde, seier lensmann i Kvinnherad, Jan Ludvik Fosse.

Det er avhøyrt fire personar i saka, i alt skal det avhøyrast om lag ti, opplyser lensmannen.

Skal obduserast

Dei to døde blei seint sundag kveld brakt ut av kjellarleiligheten på Sunde og transportert til Bergen for obduksjon. Også bilen til den omkomne 23-åringen, som stod utanfor husværet med bakluka open, er teken til Bergen for undersøkingar.