25 minutt ut i niande seriekampen for sesongen kom vossajentene sitt første heimemål i år.

Deretter kunne ein dubiøs ketchupeffekt noterast. Jentene scora heimemål nummer to og tre, men nummer to hamna diverre i eige bur.

Dermed leia Voss 2-1 over gjestande Haugar.

Randi Himle var den som fekk gleda av første nettsusen på heimleg gras i år. Det einaste som frå før stod i målprotokollen, laga Mari Sævig i utekampen mot topplaget Linderud-Grei. Den same Sævig la frisparket som Laila Kristin Brekkhus omsette i 2-1.

Voss hadde klart overtak og eit vell av sjansar. Det såg ut til berre å vera eit tidsspørsmål før jentene skulle punktera kampen.

Men heilt mot slutten utlikna Marianne Larsen for Haugar, og rett etterpå vart den unge debutanten Karen Hallingstad matchvinnar for gjestene frå Haugesund, i ein sekspoengskamp som Voss måtte vinna for ikkje missa kontakten med dei andre laga i 1. divisjon. No har dei omsider fått til å scora mål, men enda ein tapt kamp for dei fortvila jentene gjer det tøft å unngå nedrykk.

MÅLSCORAR: Randi Himle sette inn det første målet på heimebane i kamp nummer 9 i årets førstedivisjonssesong for vossajentene. ARKIVFOTO: ARNE HOFSETH