Stikk i strid med rådmannens tilråding og protesterande naboar har planutvalet i Førde kommune sagt eit samrøystes ja til at Førde Islamske senter får etablere seg i nye, større sentrumslokale. Naboprotestane var omtalt på bt.no tidlegare denne veka.

Det var Høgre-representanten Finn Ove Njøsen som kom med framlegget om at kommunen gjev ein mellombels dispensasjon frå kommuneplanen, slik at det muslimske senteret kan nytte dei planlante lokala. Alle politikarane i utvalet støtta framlegget, der dei gjev husverten tre års frist til å utarbeide reguleringsplan for området.

Politikarane uttrykte inga forståing for naboklagene, der dei frykta om støy og verdiforringing dersom det vart for mange innvandrarar i nabolaget. I dag lever det muslimske under kummerlege vilkår i eit trangt kjellarlokale.