Det avgjorde eit stort fleirtal i torsdagens kommunestyre. Dermed blir det byggestart i Gaupne til våren og opning i 2012, melder NRK Sogn og Fjordane.

Badeanlegget til 91 millionar kroner vart vedteke med 19 mot ti røyster.

Henta frå Spania

Ifølgje Sogn Avis hadde den lokale Ap-leiaren, Stein Olav Njøs, henta partikollega Kirsten Vikdal heim frå sydenferie før avstemminga. Det blei gjort for at Vikdal skal stemme for Luster Bad.

— Det er mi plikt som partileiar å syte for at våre folk møter på eit så viktig møte, seier Njøs.

Les også:

Ordførar: Truslar i bassengkrangel Den høgst uvanlege heimkallinga blir gjort for å hindre at Vikdals vararepresentant, Johnny Gjerde, får møte. Gjerde har offentleg gått ut med at han vil ha folkerøysting om badeanlegget.

— Eg tek det som sjølvsagt at våre representantar stemmer i samsvar med partiet sine lover og vedtekter, og i samsvar med partiprogrammet dei har vore med på å lage. Då må vår gruppe stemme for å byggje Luster bad, seier Njøs til avisa.

Trugsmål

I dagens papirutgåve av Bergens Tidende kan du lese meir om striden som har delt Luster kommune i to. Eit fleirtal i formannskapet gjekk sist veke inn for å byggje eit nytt badeanlegg til 91,5 millionar kroner i kommunesenteret Gaupne.

Nesten 1300 personar, i hovudsak frå dei andre bygdene i sognekommunen, har sidan fredag skrive seg på to ulike opprop som begge går mot planane. Lokalpolitikarar har blitt utsette for trugsmål og press framfor møtet i kommunestyret som tok til klokka 12 i dag.