Han er i Sunnhordland tingrett dømt til 30 dagars fengsel utan vilkår for å ha slege marinegasten i andletet. Slaga fall utanfor ein restaurant på Husnes i november i fjor.

Offeret fekk knekt kjeve og kunne ikkje eta fast føde på tre veker. Han er tilkjent 10.000 kroner i erstatning av 21-åringen.