Landsstyret i regjeringspartiet meiner at omsynet til miljø og verneområde gjer at prosjektet ikkje er forsvarleg.

– Utvinninga av rutil vil kunne få store og uoversiktlege miljøkonsekvensar for villaksen og alt biologisk mangfald i fjorden, på havbruk, landbruk, dyreliv og ikkje minst for innbyggjarane langs Førdefjorden, heiter det i ei fråsegn som blei vedteken på landsstyremøtet i går.

Partiet viser til at det tale om omfattande og irreversible naturinngrep, og bruk av store mengder miljøgifter i samband med utvinning og deponering. I tillegg har Naustdal kommune fleire verdifulle verneområde. Naustdalsvassdraget er verna som laksevassdrag, og Førdefjorden vart nyleg verna som nasjonal laksefjord. Det er òg ei stor havbruksnæring i og rundt fjorden.

Det er selskapet Nordic Mining som søkjer konsesjon for gruvedrift og utsleppsløyve for å vinne ut mineralet rutil frå Engebøfjellet. Mineralet finst berre i maksimalt fem prosent av berget som skal knusast. Avfallet, steinstøv og -slam skal dumpast i eit deponi i Førdefjorden.