– Denne målinga viser at det norske folket er delt omtrent på midten i denne saka, til trass for at SV er det einaste partiet på Stortinget som ikkje støttar den norske militære innsatsen, seier Solhjell, som er parlamentarisk leiar i SV og medlem i utanriks— og forsvarskomiteen på Stortinget.

Han vil ikkje vere med på at SVs plass i regjeringa har lagt ein dempar på den norske Afghanistan-debatten.

– Det har vore enorm merksemd rundt dette i fleire omgangar, nettopp fordi SV får flaumljoset på seg kvar gong regjeringa skal ta stilling til Afghanistan-spørsmål. Slik ville det ikkje vore dersom vi ikkje sat i regjering, seier Solhjell. Samstundes vedgår han at det har vore ganske stille det siste året.

– Det er behov for ein mykje større og breiare debatt både om strategiane og den norske deltakinga. Det skal vi i SV ta ansvar for å få til, seier Solhjell.

– Korleis?

– Vi har planar om eit større seminar om Afghanistan og Pakistan til våren. Vi vil også halde fram med å ta opp spørsmåla i utanriksdebattane, både i Stor­tinget og elles, seier Solhjell.

Han trur mange nordmenn ser at både dei norske soldatane og dei som driv sivil gjenoppbygging gjer godt arbeid.

– Når vi vil ha dei norske styrkane ut, er ikkje dette ein kritikk av soldatane som er der. Dei gjer ein god innsats, det har eg sjølv sett. Men det går likevel an å vere skeptisk til at vi er der, seier Solhjell.

Han meiner framleis det blir brukt alt for lite ressursar på humanitært arbeid og sivil gjenoppbygging.

– Vesten brukar framleis ti gonger så mykje pengar til militær innsats som til det sivile, seier Solhjell.