Ekstraarbeid får dei og med saka om Jondalstunnelen. For der veit ikkje partiet på Stortinget verken inn eller ut, sjølv om fylkespartiet i Hordaland har klårt standpunkt.

— Det er mange som har vendt seg til oss dei par siste dagane og spurt kva som er på ferde, seier stortingsrepresentant Audun Lysbakken frå SV i Hordaland til Bergens Tidende.

- Debatten avslutta

Ståket tok til då medlem av samferdslekomiteen, Geir-Ketil Hansen, sa til BT onsdag at han ikkje var prinsipielt i mot Hardangerbrua.

Dagen etter fylgde leiande SV-medlemer i Ullensvang, Bjørn Lothe og Arne Lofthus, opp med å seia at Hardangerbrua gjerne måtte byggjast, om berre ein del andre og meir viktige ting vart gjort fyrst.

— Debatten om Hardangerbrua er avslutta i SV. Det må vera heilt klårt. Vi har snakka med dei det gjeld, og ingen av dei kan tenkja seg å gå inn for Hardangerbrua, seier Lysbakken.

— Vi har ikkje tru på den slags bruprosjekt. Vi meiner det er feil løysing for Hardanger.

Splid om Hardangervidda

— Men SV går også imot å halda Rv. 7 over Hardangervidda vinteropen. I det spørsmålet er både Bjørn Lothe og Arne Lofthus heilt klåre på at vinteropen vidde ikkje er nokon risiko for villreinen. Er det eit problem for partiet at Bjørn Lothe og Arne Lofthus, som kjentfolk og langt på veg fagfolk, meiner det er all grunn til å halda vegen over vidda vinteropen, og meiner SV sentralt at Bjørn Lothe og Arne Lofthus tar feil?

— Nei, vi meiner ikkje at dei tar feil. Det er heilt greitt at det er ulike meiningar i SV om dette, og det vil vi ta nokre rundar på i partiet.

Kva med Jondalstunnelen?

— I Hordaland fylkesting har SV slutta seg til vedtaket om at Jondalstunnelen må byggjast snarast råd, og at han må få ekstra statlege midlar som ein del av overgangsordninga for store fylkesveganlegg. Frå SV sentralt har vi fått mildt sagt uklåre signal om dette. Og utan SV (og Frp) sine røyster er det ikkje fleirtal for ekstra pengar. Kva skal vi tru?

— Dette er noko vi må ta opp og drøfta grundig i partiet. Vi skal om kort tid ha eit møte med aksjonskomitéen for Jondalstunnelen. Då er eg sikker på at vi får all den informasjon som vi treng, seier Audun Lysbakken.