Ein skakkøyrt kommuneøkonomi med 100 millionar kroner i oppsamla underskot ved sist årsskifte skrik på drastiske tiltak i Stord. SV har finpussa si gamle fanesak om å innføra eigedomsskatt. Det får dei borgarlege partia — og mange i Ap - til å skjelva i buksene over utsiktene til nye bører på næringslivet og ein ekstraskatt på opptil 3500 kroner året for ein vanleg huseigar.

Blir valresultatet 15. september det same som den ferske Stord-målinga, får Nils Magne Blålid og SV reint fleirtal i kommunestyret saman med Ap.

Ap usikker og heldig

Arbeidarpartiet på Stord surfar på Magne-bølga og held stillinga med solid oppslutnad. Men koalisjonspartnerane Senterpartiet, Venstre og KrF går mot elendige val. Det gjer at Magne Rommetveit for første gong kan bli tvinga til å henta støtte hos SV for å gå laus på sin fjerde periode i ordførarstolen.

Dermed spør alle seg: Kva med Ap og eigedomsskatten?

— Me vil jobba for ei forsvarleg og god drift utan å innføra eigedomsskatt. Men kan ikkje lova at det ikkje blir gjort, seier Rommetveit til Bergens Tidende.

— Visst me skulle innføra endå ei ny avgift, vil bedriftene slita. I Stord betalar dei i dag høgaste arbeidsgjevaravgift. Med same sats som Bømlo og Kvinnherad ville me ha sloppe å senda 70 millionar kroner over fjellet årleg, seier ordføraren.

Frp og Venstre har markert motstand mot eigedomsskatten.

Den politiske leiinga i Stord har sidan nyttår gjennomført ein økonomisk hestekur med ein reduksjon på 40 stillingar. Dessutan dreg Stord og ordføraren no nytte av rentefallet, den dempa kronekursen og aksjeutviklinga med avkastning på kraftfondet. Drifta i Stord var i balanse første halvår i år. Inntektsforbetringa kan gjera eigedomsskatt overflødig.

20-25 mill. i ekstrainntekt

— Eigedomsskatt vil gje 20-25 millionar kroner i inntekt. Det er viktig for oss at folk og verksemder på Stord vurderer dette, seier Stord SVs førstekandidat Nils Magne Blålid.

— Eg veit at mange vil meina at me sender rekninga for ein dårleg kommuneøkonomi til innbyggjarane. Men det er ingen annan måte å få til satsinga på skule og omsorg, seier Blålid. Som lovar at ti prosent av eigedomsskatten skal gå til næringsfondet for støtte til etablering av nye arbeidsplassar.

No kan det jo henda at det går med SV etter årets Stord-val som det gjorde i 1991 då partiet også gjorde det svært godt. Johann Belsvik føyste inn i kommunestyret med ei gruppe på ti representantar, men han og partiet blei haldne heilt utanfor alle posisjonar på grunn av Ap sitt hopehav med KrF, Sp og Venstre.

Det resulterte i ein isfront mellom Ap og SV. Men samarbeidsklimaet er godt i dag, presiserer Magne Rommetveit.

— Heile kommunestyret samarbeider godt, seier han. Og nektar å uttala seg om samarbeidskoalisjonar før valet er unnagjort.

— Fleire konstellasjonar er mogelege, seier Magne Rommetveit.