• Vi har svelgt ein liten kamel, innrømma SV-leiar Kristin Halvorsen i går. Partiet blir likevel i regjeringa.

Sentrale SV-politikarar rettar skytset mot regjeringspartnarane Ap og Sp for manglande miljøengasjement.

— Vi hadde oppnådd eit langt betre resultat for miljøet om Ap og Sp hadde vore viljuge til å presse Statoil hardare. Det er skuffande et dei to partia ikkje ville vere med å presse Statoil lengre.

Dette seier nestleiaren i SV, Audun Lysbakken, til Bergens Tidende.

Tilspissa

I går, på fredag 13., var stortingsgruppa, partileiinga og regjeringsmedlemene samla til strategiseminar for å drøfte «vegen vidare». Parlamentarisk leiar Inge Ryan forsikrar at dette var eit seminar som var planlagd for lenge sidan, ikkje eit kriseseminar for å bearbeide nederlag og sorg.

SV sin konklusjon vart trekt etter telefonmøte i landsstyret onsdag og torsdag, men utan at det vart gjennomførd votering. Situasjonen tilspissa seg. Samstundes vart stemninga lodda i stortingsgruppa.

Lysbakken stadfester overfor Bergens Tidende at det er usemje i partiet om det er rett å halde fram i regjering etter det som nå har skjedd.

— Det er viktig at det kjem fram at det er usemje, og at det finst ei smertegrense. Han viser til reaksjonane frå Bergens SV og Sosialistisk Ungdom.

- Uakseptabelt

Ein av dei som har reagert, er Kjetil Bjørklund, og han er ikkje åleine. Han var stortingsrepresentant i førre periode, men fall ut ved valet. Han var politisk rådgjevar for miljøvernminister Helen Bjørnøy, etter regjeringsdanninga og nokre månadar, inntil han fekk nok. Han er nå medlem av landsstyret i SV.

— Etter mitt syn er 2014 ikkje akseptabelt. Under tvil ville eg ha akseptert 2012. Eg opplever at det er ein avstand mellom dette og landsstyrevedtaket om samtidig eller parallell utbygging av renseanlegg, seier Bjørklund til Bergens Tidende.

Han vil ikkje svare på om han meiner SV burde forlate regjeringa nå.

Argumentet

SV sitt hovudargument for å bli verande i regjering, er at alternativet er dårlegare for miljøet, både nasjonalt og internasjonalt.

SV-leiar Kristin Halvorsen seier at ho meiner det hadde vore fullt mogeleg og realistisk å presse Statoil til å forplikte seg til å innføre full CO2-rensing frå 2012.

— Alle regjeringspartia hadde 2012 som utgangspunkt. Statoil ville berre akseptere 2016, men bøygde seg for kravet om 2014. Statoil brukte økonomiske og teknologiske argument ved sida av at ein hadde eit internasjonalt rykte å ta vare på for å vere sikre på at prosjektet ville bli vellukka, seier Halvorsen til BT.

Ho legg til at det er krevjande å utvikle og få på plass ein teknologi i full skala som skal bli økonomisk forsvarleg og ein eksportartikkel.

Kniven på strupen

— Er det rett at SV fekk valet mellom å godta rensing frå 2014 eller å forlate regjeringa?

— Eg kjem ikkje til å kommentere noko om drøftingar i regjeringa. Men det er ikkje berre SV som har ei smertegrense her, seier Halvorsen.

Halvorsen slår fast at realiteten i saka var rensing frå 2014 eller inga rensing.

Det inneber i så fall at kraftverket ville bli bygd uansett, alternativt utan SV i regjering.

Halvorsen slår også fast at korkje Statoil eller Ap sitt program seier noko om krav om rensing.

— Jens Stoltenberg sitt utgangspunkt var at vi kunne kjøpe oss ut av forureiningsproblema ved å kjøpe utsleppskvotar. Resultatet nå er at han er med på å bruke seks milliardar kroner på å etablere eit framtidsretta renseanlegg, seier Halvorsen.