Etter at eigaren Hydro har sagt nei til å modernisere aluminiumsverket i industristaden Høyanger, er trongen for omstilling og nyskaping skrikande.

— God butikk

Og ERAS-prosjektet, som skal starte i lokala etter den nedlagde Hydroslug-fabrikken, er blant dei tiltaka som skal bidra til å halde oppe talet industriarbeidsplassar.

Bak bokstavane ERAS skjuler seg ein forretningsidé om å utvinne sink av stålstøv. Kommande haust startar produksjonen i slug-lokala, der Hydro sette kroken på døra i 1988. 74 personar blei sendt på dør, sidan har lokala stått tomme.

Planen er at 20 faste operatørar vinne ut sinkoksyd av stålstøv. - Dette kjem til å bli god butikk, har Arbeidarparti-ordførar Kjartan Longva i Høyanger tidlegare uttala til Bergens Tidende.

Energy Recycling AS skal investere 95 mill kr i eit topp moderne gjenvinningsanlegg for sink. Bedrifta tek i mot restavfall frå stålverk i inn og utland mot betaling, ettersom industrien reknar det som problemavfall.

Verdfullt avfall

Eras kjører avfallet gjennom ein prosess der sinkoksyd vert utskild. Sinkoksyden vert igjen seld til sinkverk som nyttar det i sin produksjon. Prosessen har store miljømessig effektar, ettersom alternativet er deponering av store mengder restavfall frå stålverka ute i verda.

Nyetableringa vil kunne gi 50 nye arbeidsplassar i Høyanger.

Av SND si løyving er 30 millionar kroner lån, medan fire millionar er tilskot. Engasjementet er også viktig med tanke på at private bankar og investorar skal med i prosjektet, heiter det i ei pressemelding frå SND.

— Dette er eit særs interessant prosjekt og eit viktig bidrag i arbeidet med nyskaping og omstilling i Høyanger, seier Steinar Fredheim frå SND Sogn og Fjordane i pressemeldinga.

Også Høyanger kommune og Hydro har støtta etableringa av gjenvinningsbedrifta Energy Recycling AS.