Mange av trugsmåla som blei melde til Stord lensmannskontor i fjor, var SMS-meldingar.

— Folk bør passa godt på mobiltelefonane sine, dei kan nyttast av andre til straffbare handlingar, seier Stord-lensmann Reidar Færestrand.

I fjor måtte Stord lensmannskontor etterforska fleire SMS-trugsmål, men ingen er enno ført fram til rettsleg behandling. Ifølgje politioverbetjent Odd Harald Hovland kjem trugsmåla gjerne i samband med konfliktar i familiar eller mellom kjenningar.

Stord lensmannskontor behandla i alt rundt 50 trugsmål-saker og 40 valdssaker i fjor. Det samla talet er om lag som i 2001. I eitt tilfelle blei det truga med våpen, i fem tilfelle med kniv. I to saker blei personar skadde som følgje av knivbruk.