• TENESTEFORSØMMING: Advokat Per Magne Kristiansen stiller no spørsmål ved om ikkje det er SFT som burde vore etterforska. I lagmannsretten kom det fram at SFT ikkje hadde svart på førespurnaden frå Vest Tank om reinsing av coker gasoline. ARKIVFOTO: VEGAR VALDE

SFT vedgjekk tabbe i Sløvåg

Forureiningstilsynet vedgår at Vest Tank skulle ikkje fått løyve til å vaske coker gasoline i Sløvåg. Vest Tanks advokat meiner tilsynet gjorde seg skuldige i tenesteforsøming, og at Vest Tank handla i god tru.