— Me hadde venta at Vest Tank kunne seie meir om kva som var på tankane som brann, seier Bjørn Bjørnstad i SFT etter møtet i Gulen i går.

Fleire offentlege instansar med SFT i spissen møtte i går ordførar Turid Brosvik og Vest Tank for å samordne informasjonen etter tankeksplosjonen i Sløvåg i slutten av mai.

På møtet la Vest Tank fram resultat etter analysar av prøver frå området.

— Vi veit at deler av det som har gitt folk helseplager er merkaptan. Det kommunelegen og Folkehelseinstituttet no skal gjere, er å vurdere om resultata frå Vest Tank sine prøver ille nok til å forårsake plagene, seier ordførar Turid Brosvik.

Skal ta nye prøvar

Etter nær tre timar i møte på kommunehuset på Eivindvik, storma dei tre representantane frå Vest Tank ut frå møterommet. Dagleg leiar Jostein Berland, styreleiar Trond Emblem og konsulent Karl-Jan Erstad nekta å svare på spørsmål frå pressa.

— Har ikkje folk i Sløvåg krav på eit svar?

— Ja, men ikkje no, sa Jostein Berland før han sette seg i bilen og køyrde bort.

No vil SFT og kommunen ta ytterlegare prøvar frå området for å sikre seg at resultata frå Vest Tank er korrekte. I løpet av veka reknar SFT med å ha gått gjennom Vest Tank sine analyseresultat, og då ha eit klarare svar på kva som ureinar området.

Uklart om giftskip

Også kring spørsmåla om skipet «Probo Emu» må Vest Tank tole kritikk frå SFT. Dette skipet hadde same avfall som «Probo Koala» som forårsaka 14 menneskeliv då dei slapp ut slopvatnet sitt ved Abidjan i Elfensbenskysten i fjor. Søsterskipet «Probo Emu» var i oktober i Sløvåg og reinska tankane sine.

— Vest Tank må dokumentere kva for avfall som var på «Probo Emu» og om noko av dette avfallet var i tankane som brann. Berland seier det fins dokumentasjon, og då må han finne fram denne. Det er alvorlege skuldingar som kjem mot bedrifta kring denne båten, seier Bjørn Bjørnstad i SFT.

Det er framleis uklart om Vest Tank hadde løyve til å ta i mot avfallet frå «Probo Emu». Problemet for Vest Tank er at administrasjonsbygget, ei brakke ved tankane også brann opp i ulukka. Noko av dokumentasjonen kan hentast fram via kundane til Vest Tank. Denne informasjonen skal Vest Tank skaffe til mandag.

Ryddar opp innan fredag

I møtet fekk Vest Tank frist til fredag for å rydde opp på tankanlegget.

Det ureina sløkkevatnet er allereie gått over fjellet til Renor ved Porsgrunn for destruksjon. Dei forvridde metallrestane etter tankane skal ifølgje ordførar Brosvik til Fana for gjenvinning. Metallet er framleis dekka av stoffet som ifølgje kjemiprofessor Jon Songstad er kjelda til stanken frå Sløvåg.

Kva meiner du om den måten Vest Tank har handtert ulukka? Sei di meining i kommentarfeltet under!

Kåre Ness (arkiv)