— Det er ikkje grunnlag for spekulasjonar om helsekonsekvensar for innbyggjarane i Sløvåg. Analysar av jord, vatn og luft som blei gjort i fjor, viser svært låge verdiar av giftstoff i området, seier seksjonssjef for tilsyn i SFT, Bjørn Bjørnstad.

— Men folk blir sjuke?

— Ja, det er eit spørsmål som Folkehelsa må svare på. Men dei gjorde ei vurdering i fjor der konklusjonen var at det ikkje var noko direkte helserisiko for folk. Dei står framleis ved denne konklusjonen. Det gjorde dei klart på møtet som var i Gulen 30. mai.

Økokrim

Bjørnstad seier Økokrim i vinter orienterte SFT om etterforskinga. Her kom det fram at politiet meiner Vest Tank tok mot fleire oljelaster til avsvovling, og at det var giftig slam frå denne avsvovlingsprosessen som gjekk i lufta. På grunn av etterforskinga vil ikkje Bjørnstad svare på kor store oljemengder som har blitt avsvovla i Gulen, eller kva dokumentasjon Økokrim byggjer sine opplysningar på. Gulenselskapet hadde også teke mot tilsvarande type avfall frå frakteskipet «Probo Emu».

— Etter vårt syn endra ikkje desse nye opplysningane dei helsemessige spørsmåla. Dersom situasjonen hadde vore slik at helsefaren hadde blitt større, ville vi sjølvsagt gått ut med informasjon, seier Bjørnstad.

— Burde ikkje SFT informert om dette likevel?

— Etter vårt syn var det ikkje nødvendig. Men vi ser det er uheldig at dette har kome ut slik som det har gjort dei siste dagane. Spesielt med koplinga til avfallet som blei lagt på ei fylling på Elfenbeinskysten.

Sa ikkje sanninga

Ifølgje SFT er årsaka til at det gjekk nesten eitt år før det blei kjent kva avfall som var på tankane, at leiinga i Vest Tank feilinformerte styresmaktene.

— Vi spurde om kva som var på tankane i 2007, men fekk då heilt andre opplysningar frå selskapet. Det ser vi svært alvorleg på, og her er også grunnlaget for at vi har meldt selskapet til politiet.

Det var då Økokrim kom inn i saka at dei nye opplysningar om kva som hadde vore på tankane kom på bordet.

— Politiet har andre metodar og større sjansar til å framskaffe slike opplysningar enn vi har, seier SFT-sjefen.

Skjerpe kontrollar

Den norske kontrollen med slike verksemder er i stor grad basert på eigenrapportering frå bedriftene.

— Viser ikkje denne saka at dette ikkje er godt nok?

— Etter vårt syn gjer det ikkje det. Vi meiner systemet er forsvarleg. Mange land har eit større kontrollapparat enn det vi har her, men det skjer ikkje færre brot på regelverket der, svara Bjørnstad.

Kontrollsystemet baserer seg på ein kombinasjon av årleg eigerapportering og tilsyn frå styresmaktene. Sjølv om SFT nektar å vere med på at Vest Tank-saka viser at opplegget har spelt fallitt, vil dei skjerpe kontrollane i framtida.

— Vi vil ta fleire prøver sjølv for å undersøkje om opplysningane bedriftene sender oss, er korrekte. Vi trur dette vil gjere at folk kjenner seg tryggare.

Kva synest du om avgjerda til SFT om ikkje å varsle folk i Sløvåg? Diskuter saka i feltet under!

Rune Nielsen (arkiv)