Fellestrekket for alle dei sju områda er at SFT mistenkjer dei for å vere sterkt forurensa.

Heile fem av lokalitetane ligg i Høyanger sentrum, og har sin bakgrunn i aluminiumsproduksjonen. Hydro Aluminium har fått pålegg om å undersøkje deponi både på Sæbøtangen, Leira, Hjetlandstjørna, Lona og Gulvafaret. I fleire av desse deponia er det før funne stoff som inneheld kreftframkallande hydrokarbonar, ofte kalla PAH.

På Mongstad har Statoil fått beskjed om å undersøkje to fyllingar. I tillegg har Lio Sag & Treforedling på Løfallstrand i Kvinnherad fått pålegg om å granske eit område på sin eigedom.

I alt 70 forurensarar og grunneigarar over heile landet får i desse dagar brev med pålegg om å undersøkje grunnureining på eigedomane sine. Målet er å avklare miljøtilstanden. Undersøkingane blir gjort for å kunne fastslå om grunnen faktisk representerer fare for forurensing, og korleis eventuell ureining kan forhindrast.

SFT har totalt oversyn over kring 2300 område i landet som kan vere forurensa. Målet er at tilstanden på 500 av desse skal vere avklara innan 2005.