— Vi meiner at leiinga ved politidistriktet har gjort fleire grove feil i denne saka, seier leiar for det særskilte etterforskingsorganet for politisaker (SEFO), Ivar Svensgaard.

— Vår innstilling er at politidistriktet får 50.000 kroner i bot som ei føretaksstraff.

Ikkje personleg retta

Føresett at 1.statsadvokat Walter Wangberg følgjer tilrådinga frå SEFO, er det klart at personar i leiinga ved politidistriktet ikkje kjem til å bli personleg straffeforfølgd.

Likevel inneber SEFO-tilrådinga ei stygg stripe i lakken for politimeister Bjørn Valvik i Fjordane, som i desse dagar står på søkarlista til politimeisterjobben i det nyoppretta Sogn og Fjordane distrikt.

Det var i juli at fadesen ved Fjordane politidistrikt vart kjent: Ein 30 år gammal mann hadde heile våren fungert som politijurist i Fjordane, utan å ha avlagt juridisk embetseksamen.

Den halvstuderte juristen hadde fungert som politifullmektig i over to månader utan at leiinga ved politidistriktet hadde sett noko eksamensbevis.

Politimeister Bjørn Valvik la ikkje skjul på at den arbeidsledige 30-åringen hadde ført leiinga bak lyset da han kom inn i politiet med støtte frå Aetat.

Fekk aktorere trass mistanke

Både politimeister Bjørn Valvik og to av hans næraste medarbeidarar er blitt avhøyrde under SEFO-etterforskinga.

— Vi har ikkje prov for at desse har gjort noko straffbart, men finn det altså riktig å gå inn for ei såkalla føretaksstraff, seier Svendsgaard. Og SEFO kjem med hard kritikk på fleire punkt mot den samla leiinga ved politidistriktet.

— Først og fremst unnlot dei å kontrollere om vedkommande fyllte vilkåra til jobben då han vart engasjert, seier Svendsgaard.

— Dette gjeld både før han tiltredde, då han tiltredde og etter at han hadde jobba ei tid. Vidare er det klart at leiinga unnlot å gripe fatt i saka då spørsmålet om kvalifikasjonar kom opp første gong allereie i mai månad. Og til slutt lot politileiinga vedkommande få aktorere ei straffesak på sin aller siste arbeidsdag i juni, på eit tidspunkt då det var sterke mistankar om at han ikkje fyllte vilkåra for å inneha stillinga.

Store pengebeløp

Og tilrådinga frå SEFO er krystallklar:

— I sum er dette å sjå på som grov uforstand i tenesta, seier SEFO-leiar Ivar Svendsgaard.

Han sender no saka over til settestatsadvokat Walter Wangberg for endeleg avgjerd. Wangberg har tredd inn for den inhabile 1.statsadvokaten i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, Jan Hoel.

SEFO har også etterforska den falske politijuristen, men i denne saka er ikkje den endelege tilrådinga klar.

I tillegg til å ha gjeve feilaktige opplysningar til arbeidsgjevaren, må vedkommande blant anna svare for ei økonomisk støtte han skal ha motteke frå Aetat over lengre tid.

Etter det Bergens Tidende kjenner til, meiner Aetat at den falske politijuristen urettmessig har motteke store pengesummar. Dette er forhold som skal gå tilbake til tida før han vart engasjert av Fjordane politidistrikt. Denne saka vil bli oversendt statsadvokaten i løpet av hausten.