SEFO finn det kritikkverdig, men ikkje straffbart, at lensmannen blanda seg inn i ei sak som ei kvinne frå Trøndelag reiste mot bestemor si i Gudvangen.

Tapte i tingretten

Kvinna ville hindra at bestemora skøytte frå seg ein liten huseigedom på garden der Gudvangen Camping ligg. Ho kravde også at bestemora, som har site i uskifta bu sidan mannen døydde, no må skifta (fordela pengane sine på arvingane). Trass i støtte frå lensmann Nordgulen, tapte kvinna saka i tingretten.

Nordgulen skal overfor Overformynderiet ha hevda at bestemora vart sett under press av kvinna sine motpartar. Dette hadde han ikkje grunnlag for å skriva, uttalar SEFO. Han skal også ha tilrådd kvinna å ta heile garden på odel.

Advokat Sjur Vinje på Voss stadfester overfor Bergens Tidende at han har klaga på lensmannen si innblanding til politimeisteren. Det må vera politimeisteren som har gått vidare med saka til SEFO, seier Vinje.

Han representerer eigaren av den omstridde garden, og hjelpeverjen hans.

Vil ikkje kommentere

Lensmann Kjell Nordgulen seier til Bergens Tidende at han tek refsen frå SEFO til etterretning. Han ønskjer ikkje å kommentera saka nærare. Til Sogn Avis seier han at han plar svara høfleg når nokon spør om hjelp. Enkelte gonger kan det vera vanskeleg å finna ut kva ein skal seia ja eller nei til. I dette tilfellet har SEFO funne ut at han har gått over grensa.

SEFO trur likevel at han har handla i beste meining.

Stridens eple er knytt til Gudvangen Camping og garden som denne campingplassen ligg på.

I samsvar med foreldra sitt ønskje, vil eigaren tilgodesjå mannen som har pakta garden i ei årrekkje. Det er difor utferda kjøpekontrakt til dottera hans. Kjøpesummen er langt under takst, men det skal ha samanheng med hefte på eigedomen og at erstatningar for rasfare skal gå til seljaren.

I ettertid har dei funne ut at ein liten huseigedom som «høyrer til» garden, aldri var skøytt frå foreldre til son. Difor er det utferda skøyte frå gardeigaren si mor til paktaren si dotter. Dette motsette niesa til gardeigaren seg. Ho søkte hjelp hjå den lokale lensmannen, og han må tola refs frå SEFO.