I mange månader har det vore stille på byggetomten der dei gamle hotellbygningane stod. Etter dei første planane i forfjor skulle eit nytt hotell til 50 millionar kroner opnast i mai i år.

Seinare er planane endra og utsett, i vinter fortalte Jan Straume Bergens Tidende om ei investeringsramme på 119 millionar kroner og ein driftsavtale med SAS si hotellkjede Radisson Hotels & Resorts.

Om hjørnet

Jan Straume fortel at byggeaktiviteten startar opp att med det første. Eit par viktige avgjerder skal takast dei første par vekene, seier han.

— Planane er utruleg mykje endra og tilpassa nye signal i marknaden. Det er rett å bruka tid på å få til eit ordentleg produkt, seier Jan Straume.

— Først må vi fatta vedtak om kva vi vil, deretter peika ut kven vi vil samarbeida med, legg han til.

Etter det Bergens Tidende kjenner til, er det vanskar med å få risikovillig kapital inn i prosjektet som har ført til utsetjingar. For tida er eit gourmettilbod av havets delikatesser einaste aktiviteten i Godøysund.

Ekslusivt SAS Resort

— Vi har ein franchiseavtale med utbyggjaren av Godøysund, og skal i prinsippet involvera oss i marknadsføring, distribusjon og sal, og gi støtte til konseptutviklinga. Men vi deltek ikkje finansielt eller risikomessig, seier Radisson SAS Hotels & Resorts sin regionansvarlege for Noreg, Erik Normann, til Bergens Tidende.

— Eg har vore på staden, og veit at det er ei perle. Eg har sagt til Straume at han må koma med pengane, så skal vi driva. Vi ser gjerne at Godøysund får sin renessanse som hotellstad, med fokus på ein eksklusiv kurs- og konferansemarknad med eit sterkt preg av helse og velvære som trekkplaster, seier Normann.

— Vi må venta på at finansieringa er på plass. Eg trur Godøysund-prosjektet er avhengig av at det finst investorar med risikokapital.

Erik Normann viser til Radisson SAS sine Resort-hotell på Svalbard, Beitostølen og Lillehammer.

Høg prisklasse, nær tilgang til naturopplevingar.

Dette er ein veksande marknad for bedrifter som ønskjer å senda medarbeidarar på strategi- eller insentivmøte.

— Eg kryssar fingrar for at byggearbeida må koma i gang att, det er eit svært viktig prosjekt for kommunen, seier ordførar i Tysnes, Lorentz Lunde. Etter planen kan det bli rundt 40 arbeidsplassar på anlegget.

GIR IKKJE OPP: Tysnes-gründer Jan Straume lovar at byggearbeida på Godøysund snart skal vera i gang att.
ARKIVFOTO: BJØRN DJUPVIK