Eit samrøystes fylkesting trekte i dag søknaden om at fylket skal delta i forsøk med einskapsfylke. Dermed blir det ikkje noko av at fylkesmannen (FM) og fylkeskommunen (FK) går saman i ein administrasjon.

I debatten takka Jostein Kvalsvik (Frp) kommunalminister Erna Solberg for at ho hadde gitt klare føringar for ei eventuell samanslåing FK/FM, og dermed hindra at det blei bygd opp meir byråkrati i Sogn og Fjordane.

Solberg har grunngitt sitt avslag, mot overføring av fumksjonar frå FM til FK, med at fylkeskommunen no skal rette sine ressursar inn mot regional utvikling.