Litt før klokka 08 fredag morgon klarte eit ambulansehelikopter å hente ned mannen, etter at tåke og mørke tidlegare på natta hadde gjort redningsaksjonen vanskeleg.

Han er no send til Sentralsjukehuset i Førde med luftambulansen. Mannen var komen til medvit då han vart berga, og hadde hovud— og ryggskader.